Lokal | 03. mai 2017

Sjekka 27 bilar

Fleire køyrer med for mykje lys på bilen.

Sjekka 27 bilar
Politiet i Industrivegen i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. mai 2017 09:53

Tysdag kveld hadde politiet trafikkontroll i Industrivegen.

Kontrollen starta i 21.30-tida og 27 bilar og bilistar blei kontrollerte.

– Det resulterte i 2 gebyr for ikkje å ha med førarkortet og 2 skriftlege manglar grunna teknisk feil, fortel poltiførstebetjent Rune Fimreite.

Tidlegare på kvelden blei ein bil stoppa på Halhjem med for kraftige lyskastarar på taket. I Industrivegen møtte politiet bilførarar med lysplanke i grillen.

Éin av dei som blei stoppa hadde fire tåke/kurvelys. Det er berre lov med to.

Dette seier forskriftene om fjernlys/langlys:

«Det er i dag tillatt å ha 2 eller 4 fjernlys. De aktiverte fjernlysene (2 eller 4 stykker) skal aldri lyse sterkere enn 480 lux. Tunge lastebiler (N3) kan ha 6 fjernlys.»

Les meir om lys på bil på vegvesen.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.