Sjekka 77 bilistar og éin syklist
UP og Os lensmannskontor har hatt to trafikkontrollar i helga. I tillegg fann dei ein etterlyst moped frå eit anna distrikt.
Laurdag kveld frå klokka 22.47 og ein god time fram hadde UP kontroll av fart og promille på E39 ved Hjellemarka/Storestraumen på Søfteland.
– Alle var edru og det var berre éin som køyrde for fort, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Vedkomande blei målt i 82 km/t i 70-sona. Det resulterer i eit forelegg på 3400 kroner.
Edru på to og fire hjul
Søndag morgon frå klokka 06.50 og ein god time fram hadde politiet trafikkontroll på Ulvenvegen og Lyseklostervegen.
Dei sjekka 77 bilistar og éin syklist. Alle var edru.
Vogntog i høg fart
Midtsiden har fått tips om at det var ein trafikkontroll på Lepsøyvegen i Storumbakken torsdag kveld. Os lensmannskontor har ingen notat om denne.
Fredag kveld, klokka 20.54, fekk politiet melding om stygg køyring med vogntog på veg mot Halhjem. Varslar svingte sjølv av på Lepsøyvegen, men politiet rykte ut.
– Vi fann vogntoget, men sidan vi ikkje hadde gjort observasjonar sjølv, varsla vi politiet på Stord, så dei kunne følgja med når bilen kom i land der.
Fann etterlyst moped
Tidlegare på natta, i 2-tida, kom politiet over ein parkert moped ved Esso-stasjonen.
– Den viste seg å vera etterlyst frå Sørvest politidistrikt. Patruljen vår tok skilta på mopeden, og saka blir følgt opp.
OPPDATERT: Midtsiden har snakka med mopedeigar. Han har tidlegare etterlyst skilta til mopeden, men desse kom på plass. Vegvesenet hadde gløymd å sletta etterlysinga, dermed reagerte politiet.
– Det har heldigvis ordna seg no, seier mopedeigar, som er frå Sunnhordland, men går på skule i Os.
Observerte skadd hjort i Strøno
Laurdag fekk politiet tips om skadd hjort i Nordstrøno.
– Det er ikkje notert noko om bilist, det er mogleg at det ikkje har vore påkøyrsle, men at det berre har vore observasjon avskadd dyr.
Ein hjort blei påkøyrd i Strøno før helga, og det kan ha vore same dyr. Hjorten skal ha halta på høgre bakfot. Viltkontakt blei varsla.