Lokal | 13. juli 2014

Sjekka ferjetrafikken

– Alle er edru. I alle fall dei som sit bak rattet.

Sjekka ferjetrafikken
Politiet i Os har vore ein del på Halhjem medan det har vore festival på Tysnes. (Arkivfoto: KVB) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 13. juli 2014 08:08

Før helga har politiet tømt ut alkohol som dei har tatt frå folk som har venta på ferja til Våge, søndag morgon sto politiet i Os på Halhjem igjen, denne gong for å sjå at bilistane på veg heim frå festival ikkje kjørte med promille.

– Alle har tilno vore edrue. I alle fall dei som sit bak rattet, seier politibetjent Kenneth Rastad nøgd.

43 bilistar på veg av 8.40-ferja blei kontrollert på ferjekaien, det gav berre éin reaksjon, eit gebyr for ikkje å ha med seg førarkort.

Politiet heldt fram kontrollen, men flytta seg lengre nord på Halhjemsvegen, og kontrollerte 15 til, også dei med alt på stell.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.