Lokal | 14. okt. 2020

Sjekka kviletid på Halhjem

Fire fekk åtvaring.

Sjekka kviletid på Halhjem
Statens vegvesen på Halhjem ferjekai i dag. (Foto: SVV)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. okt. 2020 11:59

Statens vegvesen har hatt kontroll på Halhjem ferjekai i dag. Fokus var køyre- og kviletid.

– Vi er nøgde med resultatet, seier John Kåre Larsen frå vegvesenet i rapporten.

4 av 12 kontrollerte fekk åtvaring på mindre brot på reglementet.

Det blei òg nokre andre ting å setja fingeren på:

Eitt køyretøy fekk bruksforbod grunna begjæring, men her blei det ordna opp på staden. Eit anna køyretøy mangla kode for vektårsavgift i vognkortet. Her blir det sendt rapport til Skatteetaten.

Nokre tekniske manglar var det òg, som rust på bremseskive, skade i påbygg og mange på bremse på både bil og hengar.

To førarar fekk bruksforbod grunna dårleg lastsikring. Dei måtte sikra lasta betre før vidare køyring.

Det blei i alt kontrollert 27 tunge og 2 lette køyretøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.