Sel i Os Hamn

Sjeldan gjest i hamna

Klarer du å sjå kva dyr vi har filma i Os hamn i dag?

Av: Andris Hamre

Då Midtsiden skulle ta seg ein luftetur 1. juledag fekk vi ei spesiell oppleving i Os Hamn. 

På høgde med Oselvarverkstaden, midt i elva, oppdaga vi nemleg det vi er ganske sikre på er ein sel. Den var oppe og pusta før den plutseleg blei vekke.

Så oppdaga vi den igjen utanfor Peppes, før den svømde vidare utover forbi den inste moloen og dukka opp igjen utanfor Os sjøfront.

Diverre hadde vi ikkje anna enn mobiltelefonen med oss, men ein liten video av krabaten som dukka opp fekk vi no likevel.

På Wikipedia kan vi lesa at det i norske farvatn finst sju selartar:
Hvalross (Odobenus rosmarus) ved Jan Mayen og Svalbard, og nokre streifdyr sør langs Finnmarkskysten. Steinkobbe (Phoca vitulina) langs heile kysten. Ringsel (Phoca hispida) ved Jan Mayen og Svalbard, og nokre streifdyr sør til Mørekysten. Grønlandssel (Phoca groenlandica) ved Jan Mayen og Svalbard. Storkobbe (Erignathus barbatus) huvedsakeleg i Barentshavet, men nokre streifdyr langs Finnmarkskysten. Havert (Halichoerus grypus) frå Rogaland til Finnmark, tettast i Sør-Trøndelag og på Helgeland. Klappmyss (Cystophora cristata) i Vestisen.