Lokal | 07. sep. 2020

Sjette smittetilfelle i haust

Ein mann i 20-åra i har testa positivt for covid-19.

Sjette smittetilfelle i haust
Ein mann i 20-åra i har testa positivt for covid-19. Foto: KVB.
Ørjan Håland
Ørjan Hålandmandag 07. sep. 2020 07:51

Assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale melder at alle nærkontaktar er varsla, og at det er få nærkontaktar sidan den smitta sjølv isolerte seg etter at han fekk symptom på covid-19.

Dette er det 22. bekrefta smittetilfellet av covid-19 i Bjørnafjorden kommune sidan mars 2020, og det sjette i haust.

Datoane* for dei smitta i Bjørnafjorden til no:
* dato for offentleggjering via kommunen. Vedkomande kan ha fått konstatert smitte dagen før.
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra.
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 13 og 14, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.
10. august: To i 20-åra etter utanlandstur.
(14. august: Soldat smitta i Ulven leir)
17. august: Mann i 20-åra smitta etter lengre opphald i utlandet.
21. august: Kvinne i 20-åra smitta innanlands, men i ein annan kommune.
26. august: Kvinne i 20-åra. Ho har vore i nærkontakt med kvinna som blei konstatert smitta 21. august, og er med andre ord den første i haust som er smitta internt i Bjørnafjorden kommune.
5. september: Ein mann i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19. Smittevegen er kjent.
Alle dei fem første smittetilfella i august er på Os-sida av kommunen. Det er førebels ukjent kvar denne sjette har adresse.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.