Sjølvbetjent luksus
Full massasje på 20 minutt: Eit nystarta firma frå Os satsar på eksklusive spa-maskiner frå Miami.
På hjørnet ved Nordea i Os sentrum har det blitt innreia kontor og kome ei spennande maskin i utstllinga.
– Det er enkelte som kjem innom og spør om det er ei romferje, ler Bent Ottervik frå SpaTrend Nordic AS.
– Andre spør om dei kan få prøva, og det kan dei kanskje med tida, men førebels er dette berre ei utstilling og eit kontor for handtering av bedriftskundar.
Massasje, oksygen og aroma
SpaTrend Nordic AS har agentur på Spa Capsule, ei maskin utvikla av amerikanske legar bygd for å gje massasje og pleie på ein effektiv måte.
– Maskina gjev massasje med vasstråler, systematisk frå hæl til nakke. 20 minutt skal tilsvara 60 minutt med tradisjonell manuell massasje.
I tillegg er Spa Capsule utstyrt med oksygengenerator, skjerm og musikkanlegg.
– Du ligg med ein liten skjerm nedanfor deg, med øyreklokker med avslappande musikk, ein kapsel med aroma om du ønskjer, og oksygengenerator som gjev deg endå reinare luft enn elles. Denne lufta er terapi i seg sjølv.
Ein god start
Bent Ottervik er frå Trondheim og flytta til Os etter at han møtte ei jente som studerte i heimbyen hans.
– Vi kom til Os for fem år sidan. Eg har vakse opp på øya Hitra og ville bu ved sjøen. Vi fekk oss hus i Sollia og no er eg nøgd med at eg også har utsikt mot fjorden frå kontoret.
Ottervik eigde tre solstudio som han selte i februar. Då ville han starta noko nytt, fann nettsida for Spa Capsule og reiste til Miami og signerte agentur for heile Norden.
– Eg kjøpte inn seks maskiner, byrja å selja i august og har til no selt tre av dei.
Til bedrifter og heimebruk
Maskinene kostar over 200.000 kroner, likevel er det fleire som har vist interesse for å kjøpa til heimebruk.
– Det har til og med vore folk som har snakka om å ha Spa Capsule på hytta. Men dei første kundane er spasenter og hotell, bedrifter som frå før har massasje, trening eller negledesign på menyen.
– Dei som vil kjøpa slike maskiner for å leiga ut minutt til kundar eller pasientar tar gjerne rundt 15 kroner minuttet. For 300 kroner kan du gjera mykje godt for kroppen.
Førre helg stilte SpaTrend ut på Ramsvik si velværemesse på SAS-hotellet på Bryggen i Bergen.
– Der var interessa enorm. Vi fekk også fine tilbakemeldingar, blant anna frå ein som opererte ryggen for fire år sidan. Han kom tilbake dagen etter og sa han for første gong på fire år hadde sove ei heil natt uavbrutt. Han var blank i augene og det blei eg òg.
– Eg trur dessutan at det er mange som kunne tenkt seg massasje utan den personlege kontakten og utan å kle av seg. Spesielt dei som frå før har pasientar eller kundar innan helsefaget kan ha stor nytte av å supplera utvalet med Spa Capsule, trur Bent Ottervik.