Sport | 18. juli 2016

Sju frå A-stallen til Gothia Cup med juniorane

– Dette har eg sakna, seier Knut Spangelo Haga, på plass i Gøteborg klar for motstand frå Sverige, Tyskland og Brasil.

Sju frå A-stallen til Gothia Cup med juniorane
Kasper, Øystein, Knut, Fabian, Anders, Torgeir og Thomas frå A-stallen er med juniorlaget på cup i Gøteborg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. juli 2016 08:58

Mens resten av ungdomslaga til Os Fotball skal til Norway Cup, har eitt av tre juniorlag reist til Gothia Cup i Gøteborg.

Det er sjeldan at juniorar frå A-stallen får reisa på sommarcup, med mindre det har vore for å fly inn enkeltspelarar til sluttspel, men til denne cupen er nesten halve laget frå Os sin A-stall.

– Vi var tidleg ute i fjor haust og spurde Hassan El Fakiri om det var ein cup vi kunne låna ned spelarar til. Gothia passa bra med ferien i 3. divisjon, så no er 7 av 16 i troppen frå A-stallen, fortel trenar Odd Jarle Hjelle.

Han har med seg Kasper Sandven Færøvik (keeper), Knut Spangelo Haga, Øystein Takle Eide, Torgeir Lunde, Anders Havsgård, Thomas Fosen og Fabian Bødtker.

Eldste klassen i Gothia er 18 år, ikkje 19, som i Norway Cup. Os stiller med neste reint '98-lag, men har lånt ned to '97-spelarar (Takle Eide og Tom Gabriel Rondestveit) og har med éin fødd i 1999 og éin i 2000.

– Kjekt å vera på cup med gamlegjengen

Den av juniorane som har spelt mest for Os sitt A-lag dei siste åra, Knut Spangelo Haga, fortel at han er glad for å vera på cup igjen.

– Det var litt kjipt å vera igjen heime då gutane reiste på cup i fjor, og kom såpass langt. No gler eg meg til å spela og eg trur vi kan gjera det bra!

Knut bur på rom med Vegard Hjelle og Kasper Færøvik, eit reint Nore Neset-rom.

– Vi har budd på rom saman før. Vi har vore og ete frukost og ligg og slappar av før spelarmøte halv tolv.

Møter eksotisk motstand

Gothia Cup kallar seg for verdas største og mest internasjonale fotballturnering for ungdom.

I år er det 1709 lag frå 80 nasjonar som deltar, samanlikna med både Norway Cup og Dana Cup er det få norske lag i forhold til andre land.

I gutar 18 er det 24 grupper med fire lag i kvar (éi gruppe med fem lag).

Os skal møta Assyriska BK (Sverige), Space/Ordin (Brasil) og VfL Westercelle (Tyskland). Første kamp går i ettermiddag mot det tyske laget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.