Sju tatt i laserkontroll
På Lepsøyvegen var høgste fart som blei målt 71 km/t. – Der er det generelt for høg fart på staden, seier politiet.
Onsdag kveld var patruljen frå Os lensmannskontor ute med lasermålaren.
– Mellom klokka 19 og 20 sto patrulja på Halhjemsvegen ned mot ferjekaien. I 50-sona blei det skrive ut to forenkla forelegg, kor den høgste farten som blei målt var 64 km/t, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
I samband med kontrollen på Halhjem blei også ein bil tatt med tekniske manglar.
– Ein mann i 20-åra blei anmeldt etter vegtrafikklovens §23 for tekniske mangler ved køyretøyet. Han køyrde ein bil som hadde ein rekkje manglar vedrørande lys og karosseri.
Generelt for høg fart
Ein time seinare, mellom klokka 21 og 23, hadde patrulja flytta seg til Lepsøyvegen ved Os lakk og karrosseri.
– I 50-sona der blei det skrive 5 forenkla forelegg kor den høgste farten blei målt til 71 km/t. Det er generelt for høg fart på staden, seier Hadler-Olsen.