Næringsliv | 24. mars 2010

Sjukefråværet auka

Sjukefråværet i Os auka med 8 prosent på eitt år. Os ligg med det midt på treet i Hordaland.

Sjukefråværet auka
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. mars 2010 08:46

Bildeserie:

1 av 2

Det legemeldte sjukefråværet i Hordaland var på 6,2 prosent i 4. kvartal 2009. Dette er ei auke på 0,3 prosentpoeng samanlikna med same periode året før. Hordaland ligg likevel noko under landsgjennomsnittet på 6,4 prosent.

- Den nye IA-avtalen forpliktar partane i arbeidslivet til tettare oppfølging av sjukemeldte arbeidstakarar. Målet er at dette skal gi resultat i form av redusert sjukefråvær, kommenterer fylkesdirektør i NAV Hordaland Anne Kverneland Bogsnes.

I Os auka sjuefråværet frå 5,9 til 6,4 prosent, ei auke på 0,5 prosentpoeng/8 prosent. Litt høgare enn snittet i Hordaland, men identiske tal med snittet for heile Noreg. Os ligg på 17. plass i sjuefråvær blant dei 34 kommunane i Hordaland.

Fleire blir sjukemeldt av lettare psykiske lidingar
Talet på hordalendingar som blir sjukemeldt for lettare psykiske lidingar aukar jamt.

- Sidan 2005 har talet på sjukemeldte med denne diagnosen auka med 37 prosent, fortel Kverneland Bogsnes.

I 4. kvartal 2009 auka også i talet på personar som blei sjukemeldt på grunn av sjukdom i luftvegane med rundt 20 prosent samanlikna med same kvartal året før.

– Ein stor del av dette har samanheng med svineinfluensaen i fjor haust, seier Kverneland Bogsnes.

Ulikt sjukefråvær i ulike sektorar
Sjukefråværet er høgast innan helse- og sosial, restaurant og hotell, og forretningsmessig tenesteyting.

Lågast er sjukefråværet innan vitskapleg og teknisk verksemd, bergverksdrift og utvinning, og informasjons- og kommunikasjonssektoren. Sjukefråværet held seg også lågt innan jordbruket.

Kommunale skilnader
Sjukefråværet er høgast i Sund, Øygarden og Meland. Lågast sjukefråvær er det i Etne, Ullensvang og på Fedje.

- Det er vanskelig å forklare geografiske skilnader i sjukefråværet. Næringsstruktur, generelt utdanningsnivå og folkesamansetnaden kan ha noko å seie, men årsaker til sjukefråvær er svært samansett, seier fylkesdirektøren.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.