Skadar for millionar
Stormen «Lena» gjorde store skadar, no kjem «Bertha». – Vi har så langt i dag mottatt 95 skademeldingar, seier Arne Voll i Gjensidige.
Laurdag kveld og natt til søndag herja stormen «Lena» Os og vestlandskysten.
– Klokka 14 i dag hadde vi motteke melding om omlag 60 skadar på bygningar.
– I tillegg er det meldt skadar på omlag 15 bilar og 20 båtar, fortel Arne Voll, informasjonssjef i Gjensidige.
Dei fleste skadane selskapet har fått melding om kjem frå Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.
– Det er framleis mange som ringer og melder skadar, så vi ventar at talet kjem til å stiga også i dagane som kjem.
– Det verkar som om at «Lena» traff Bergensområdet og Hordaland spesielt hardt, mange av meldingane kjem frå desse områda.
Skadar for millionar
Skadane det er snakk om er trær som falt over hus, tak som har blitt skadd i vinden, bilar som har blitt treft av lause gjenstander og, spesielt i Hordaland, båtar som har slitt seg, fått slagskadar eller gått under vatn.
– Skandane varierar frå nokre få tusen til fleire hundre tusen kroner.
– Totalt snakkar vi om skadar for fleire millionar, avsluttar Voll, som oppmodar alle som har vore utsatt for stormen om å sjå etter eigedelane sine, spesielt hytter og båtar.