Politi | 27. aug. 2013

Skadeverk på båt

Siste døgeret har politiet fått melding om skadeverk på båt i Oselvo og hatt trafikkkontroll i Lysefjorden.

Skadeverk på båt
(Arkivfoto Kjetil Vasby Bruarøy)
Kari M. Lyssandtysdag 27. aug. 2013 09:48

- Vi fekk inn ei melding mandag om skadeverk på ein båt som ligg til kai i Oselvo, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Flytta fleire gonger

Båten har, ifølge meldar, vore flytta på fleire gonger i tillegg til at den har fått skader.

- Det skal ha vore diskusjon om båten har rett eller ikkje rett til å ligga der den ligg, seier Sperrevik.

- Meldar kjem inn til politiet i dag for å følge opp saken.

Politiet fekk òg melding om to skudd som skal ha blitt avfyrt i skogen ved Gymnasvegen.

Kontroll i Lysefjorden

I ni tida mandag kveld hadde politiet trafikkkontroll på Lyseklostervegen.

- Vi kontrollerte 29 bilar den tida vi var der, men vi hadde ikkje noko å utsetja på dei, fortel Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.