Lokal | 09. des. 2019

– Skal dei ikkje ta dette ned før snøen kjem?

Reagerer på at tre får henga over kabel i månadsvis.

– Skal dei ikkje ta dette ned før snøen kjem?
Dette treet (t.v.) skal ha lagt på ein kabel over vegen ned Rødsliane i eit par månadar. (Foto: Agnar Midtsæter/arkivfoto t.h.: Midtsiden)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. des. 2019 12:48

Eit tre har velta og ligg over ein kabel som går langs rv 579 Hegglandsdalsvegen i Rødsliane.

– Treet har lagt sånn i eit par månadar, fortel Agnar Midtsæter.

Han køyrer forbi kvar gong han skal til og frå Osøyro og heimen sin på Bogstrand, og undrast over at ingen har rydda treet vekk.

– Dei bør i det minste få det vekk før snøen kjem. Kjem det vekt på treet kan det både ta med seg kabelen og hamna ut i bilvegen.

– Vil varsla entreprenøren

Vegtrafikksentralen kan ikkje på strak arm svara på om dei kjenner til treet, eller kvifor det ikkje er fjerna til no.

– Om det er straumførande kabel ville nok entreprenøren ha varsla BKK, om det er ein telekabel er det Telenor eller Telia si oppgåve.

– Men eg vil uansett varsla entreprenøren vår, så vedkomande får sjekka forholda og varsla rett eining, seier vakthavande i Statens vegvesen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.