Kultur | 05. feb. 2011

- Skal det ikkje rivast då?

I kveld får Fjellheim kjørt seg. Over over halvparten av billettane til 30-årsfesten er allereie selt.

- Skal det ikkje rivast då?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 05. feb. 2011 12:43

Styret i Os Rockeklubb, med enkelte medlemmar som klødde etter å hjelpa til, var på plass i Fjellheim i 11-tida i dag. Saman med ein haug med utstyr og høgtalarar.

- Har de sjekka at taket er godt nok festa?

- Skal det ikkje rivast då? spør rockesjef Kjetil Grønvigh om kulturhuset som til sommaren blir erstatta av Oseana.

Over halvparten av dei 300 billettane til kveldens feiring av 30-årsdagen til Os Rockeklubb er selt på førehandssal på Musikkverket og Joker på Søfteland.

Resten av billettane ligg for sal utover dagen, men berre på Musikkverket. Det som blir igjen blir selt i døra.

- Eg trur det å selja over 150 billettar før dørene opnar er litt løye, i Os-målestokk. Det er i alle fall eit teikn på at festen blir bra, kanskje blir det til og med utselt for billettar, seier Kjetil nøgd.

Resten av styret åtvarar samstundes:

- Vi opnar dørene klokka 19, klokka 20.30 bles vi i gong med første band, KingCalling, og påfølgjande prisutdeling. Folk bør ikkje sitja for lenge på vorspiel i dag.

Utover kvelden skal fleire prisar delast ut, og fleire band skal på scenen.

Brørne Lindborg frå Søfteland Rock N LoL har dessutan lovd at dei skal sleppa namnet på eit av banda som skal spela på Søfteland Rock N LoL i juli.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.