Lokal | 21. apr. 2012

Skal det vera ein bom?

Os kommune treng ikkje bommane framfor rådhuset lenger. No kan du få kjøpa dei.

Skal det vera ein bom?
Karl Ole Midtbø med ein av dei to bommane han no skal selja (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 21. apr. 2012 09:50

Fredag la kommunalsjef Karl Ole Midtbøe ut dei to bommane som blei satt opp ved parkeringa framfor rådhuset for fleire år tilbake ut for sal.

- Etter at vi har gjort grep i høve til parkeringa på Osøyro er det ikkje lenger behov for desse.

Bommane blei i si tid satt opp for å hindre at pendlarar tok opp parkeringsplassar for handlande. Bommane var tidsstyrte slik at ein ikkje slapp inn på parkeringsplassen før butikkane opna.

- Eg har fått nokre henvendingar på å få kjøpe bommane, men det kommunale regelverket krev at vi legg dei ut på den opne marknaden.

Seljast under eitt

Dei to bommane blir seld under eitt. Kjøpar må sjølv fjerna dei og reparera veggrunnen der dei har stått. Midtbø har satt ein minimumspris på 28.000 kroner samla for dei to bommane.

Interesserte kan senda bod til Midtbø innan 27. april klokka 12.

- Salet og fjerninga av bommane skal vera gjennomført innan 5. mai, avsluttar kommunalsjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.