– Skal framleis vera hjartet i senteret
Amfi Os rustar opp. – Sjølv om fontenen no blir riven, så skal plassen framleis vera ein møteplass kor folk kan setta seg ned, seier senterleiaren.
Denne veka tok arbeidet med å fjerna fontenen og benkane under glasstaket på Amfi Os til.
– Bakgrunnen for at vi no fjernar den er at vi er i ferd med å gjera ei oppgradering av senteret, kor vi mellom anna skal skifte det glasstaket som er over plassen. For å koma til det på ein god måte var det naudsynt å fjerna installasjonen, men det skal framleis vera ein møteplass og eit sitteområde når vi er ferdige, forsikrar senterleiar Silje Lygre på Amfi Os.
Blir teke vare på
Lygre fortel at dei lenge har diskutert kva dei skulle gjera med fontenen som syner Oselvarlaksen som hopper. Sjølve fontenen har ikkje vore i drift på fleire år.
– Vi har hatt og har ein god dialog med kunstnaren, Arne Meland, om korleis vi på best mogleg måte skal taka vare på installasjonen. Det var ei tung beslutning å ta å skulle fjerna den, men vi meinte tida var rett no og vi skal finna ei god løysing for den saman med Meland.
Meir energieffektivt senter
Endringa er berre ein del av ei større opprusting av senteret.
– Som du kanskje har sette er vi også i ferd med å skifta den gamle trefasaden mot Byvegen. Der skal vi bytta ut alt treverket med nye plater, tilleggsisolera og byte vindauge, slik at vi får eit meir miljøvennleg og energieffektivt bygg, tilpassa 2017.
– Det blir naturleg nok litt midlertidige løysingar medan opprustinga pågår, men plassen kor fontenen har stått, skal framleis vera hjartet i senteret, kor osingane kan møtast, avsluttar Lygre.