- Skål, Kjetil!
Kolaas Foto har investert i utstyr til produksjon av eit breidt utval fotogåver.


T-skjorter og koppar med personleg bilde og tekst er ikkje noko nytt, men no går dette an å kjøpa lokalt, saman med eit breidt utval andre varer, som puslespel i ulike storleikar, drikkeflaske, solskjerm til bil, smikke og bamse.
- Mange av Elitefoto sine butikkar fekk utstyret på plass denne veka. I bergensområdet er vi to, fortel Geir Husa hos Kolaas Foto.
- Nokre butikkar har hatt utstyret om lag éin månad, og dei fortel om godt sal av spesielt t-skjorter og bamsar med mini-t-skjorte, legg han til, og viser t-skjortene han har laga for MK Olsen sitt 100-årsjubileum den komande helga.
Illustratør frå USA
Matthew Nash er frå USA, og byrja å jobba hos Kolaas Foto i fjor. Han har bakgrunn som illustratør, ein teneste fotobutikken sine kundar av og til brukar.
- Han kan teikna mykje forskjellig, anten det er til bedrifter eller til utdrikkingslag. Ein prikk over i-en på t-skjorter eller gåver.
- Vi har selt fotogåver i fleire år, men det blir ein stor fordel å produsera dette sjølv. Rask levering og individuell tilpassing blir enklare, i tillegg er det lettare å visa kundane utval og kvalitet, seier Geir.
Vinn fotogåve
Tar du gode bilde kan du delta i fotokonkurransen vår i sommar. 2. til 5. premie er kopp eller t-skjorte med ditt bilde på.
Les meir om konkurransen her.