Lokal | 04. jan. 2017

Skal koordinera førebygginga

Os kommune søkjer Helsedirektoratet om midlar til SLT-koordinator for å samordna det rus- og kriminalitetsførebyggande arbeidet i kommunen.

Skal koordinera førebygginga
Kommunalsjef Nils-Petter Borge fortalde at ein søkjer Helsedirektoratet om å få fullfinansiert stillinga som SLT-koordinator (foto: AH)
Andris Hamreonsdag 04. jan. 2017 10:51

I det siste kommunestyret før jul handsama, og støtta, politikarane innspelet frå administrasjonen og lensmann Oddbjørn Dyrdal om å søkje midler til oppretting av ei ny stilling som SLT-koordinator i kommunen.

– Dette ser ut til å vera veldig anbefalt, men eg får ikkje heilt kontroll på det. Kven er det vi søkjer midler frå, er det fullfinansiert eller får det budsjettmessige konsekvensar, undra Nils-Anders Nøttseter (MDG).

– Vi søkjer til Helsedirektoratet og vi søkjer om fullfinansiering, svara Nils-Petter Borge, kommunalsjef for helse, omsorg og beredskap.

Skal samordna innsatsen

SLT er ein Samordningsmodell for Lokale, førebyggande Tiltak mot rus og kriminalitet. SLT sikrar at dei ressursane som allereie finns hos kommunen og politiet, blir meir samkøyrd og målretta.

– SLT handlar om å leggje til rette for eit nært og godt samarbeid mellom dei ulike instansar og profesjoner som er involvert i det lokale kriminalitetsførebyggande arbeidet. Eit hovudpoeng med SLT-modellen er at den er leiingsforankra i både kommune og politiet. Det er difor den kallast ein samordningsmodell, ikkje ein samarbeismodell, skriv Borge i saksutgreiinga.

– Dei færraste klarer å ha full oversikt over andre enn sine eigne fagfelt. Samtidig er tverretatleg kjennskap og samarbeid avgjerande viktig for at forebyggingsarbeid skal lykkast. Då er det ikkje nok med entusiasme. Det trengs ein struktur. Derfor er det svært viktig å ha ein fast person som har oversikt over dei ulike aktørane.

Har gode erfaringar

Lensmann Oddbjørn Dyrdal fortel at han har gode erfaringar med SLT frå tidlegare jobbar.

– Politiet og lensmannen er tydeleg på at det kriminalitetsforebyggande arbeidet blir enno viktigare å retta stor fokus mot, og jobba tverretatleg innanfor, i framtida. Dette krev at politiet og kommunen finn gode samarbeidsformer og rutiner for å løyse det best mogleg.

– Eg har gode erfaringar med SLT frå andre lensmannsdistrikt og kommunar eg har jobba i. Difor tilrår eg at også Os kommune får etablert tilsvarande med ein koordinator, skriv Dyrdal i si tilråding.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.