Lokal | 14. mai 2016

Skal legga 90.000 tonn asfalt

Lemminkäinen Norge fekk kjempekontrakt på E39 Svegatjørn-Rådal.

Skal legga 90.000 tonn asfalt
(Ill. foto: Lemminkäinen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. mai 2016 15:39

Lemminkäinen Norge har fått kontrakt på produksjon og legging av cirka 90.000 tonn asfalt på Svegatjørn-Rådal.

- Vi har verkeleg lagt oss i selen for å få denne kontrakten, og er svært glade for at Implenia valte oss, seier Åsbjørn Skrettingland, regionsjef for Lemminkäinen Norges Region Vest i ei pressemelding.

– Dette er ein viktig kontrakt for selskapet og for vår avdeling i Bergen, no ser vi fram til å starta arbeidet.

Implenia signerte kontrakt verdt over 1,4 milliardar med vegvesenet i juni i fjor og bygger parsell K11, den delen av Svegatjørn-Rådal som er i Bergen kommune. Entreprisen som omfattar blant anna Råtunnelen og Søråstunnelen, og ein vasstunnel. Den totale lengda vil vera 7 kilometer inkludert eit trafikksystem mellom dei to tunnelane.

Entreprisen omfattar òg veganlegg i dagsonene i Rådal, Nordås, Sørås og ved Skeievatn. Dagsone Rådal inneheld planskilt kryss med svingar frå Råtunnelen og Lyshorntunnelen. Dagsonene ved Nordås, Sørås og Skeievatn omfattar påkoblinger til eksisterende vegar. I tillegg vil det bli bygd gang- og sykkelvegar, tre bruer, fem portalar og tekniske bygg.

Lågtemperaturasfalt

Implenia starta bygginga i september 2015. Lemminkäinen kjem til å gjera tilpassingar når det gjeld asfalteringen.

- Vi kjem til å bruka sokalla lågtemperaturasfalt når vi legg i tunnelane. Denne typen asfalt held lågare temperatur ved utlegging, noko som gjer at det blir mindre damp og røyk, og betre sikt og arbeidsforhold for alle som jobbar i tunnelane, seier Skrettingland.

Prosjektet vil for Lemminkäinen sin del pågå dei neste tre til fire åra, men starter allereie no.

- Vi startar arbeidet med asfaltering av omkøyringsvegar og anna areal som trengs i prosjektgjennomføringa før vi går laus på legging av tre asfaltlag på den nybygde strekninga, avsluttar Skrettingland.

Starta i 1933

Ifølgje heimesida til Lemminkäinen bygger dei kompetansen sin på verksemda si erfaring tilbake frå starten i 1933. Då starta AS Fjeldhammer Brug markedsføring av asfaltprodukt forveg.

Lemminkäinen Norge blei stifta i 2001, i samband med at Lemminkäinen Corporation overtok Icopal AS si asfaltverksemd i Danmark og Noreg.

Lemminkäinen Corporation er ein av Finlands største entrepenøra og den nest største i asfaltmarknaden i Norden.

Det blir ingen ekstern underleverandør på Os-sida av prosjektet, Veidekke legg asfalten sjølv.

Midtsiden følgjer: E39 Svegatjørn-Rådal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.