Lokal | 08. jan. 2018

Skal levera kortreist asfalt til E39

E39 Svegatjørn - Rådal: Fylkesmannen godkjenner midlertidig asfaltverk i Åsen.

Skal levera kortreist asfalt til E39
På denne tomta ved Fjellanger Hundesenter kjem det mobile asfaltverket (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 08. jan. 2018 12:28

Før jul søkte Veidekke Industri AS om å få etablera eit midlertidig asfaltverk i det gamle grustaket ved Fjellanger hundsenter i Åsen.

– Fabrikken er av fabrikat Amomatic CM 160, og har ein kapasitet på 160 tonn per time. Fabrikken har eige aggregat for leveranse av strøm, opplyser Veidekke Industri AS i søknaden.

Måtte få dispensasjon

Sidan asfaltverket blir ståande nærare bebyggelsen hos Fjellanger enn dei 200 metera som er kravet i forureiningsforskriften har dei måtte søka fylkesmannen om dispensasjon, sjølv om dei har fått godkjenning frå naboen på at verket kan koma 150 meter frå bebyggelsen.

– Det er eit krav i forureiningsforskriften §24-3 at asfaltverk ikkje skal plasserast mindre enn 200 meter frå næraste bebygging. Veidekke Industri AS har gjort avtale med næraste nabo, som godtek plassering av asfaltverket.

– Verket er mobilt og skal primært produsera asfalt til veganlegget E39 Svegatjørn - Rådal, som blir bygd i området. Det er hensiktsmessig med lokal plassering, for å minimera transport over lange avstander, heiter det i vurderinga frå Fylkesmannen, kor dei gir dispensasjon frå forureiningsforskriften.

Området kor det omlag 20 meter høge asfaltverket skal koma, er i kommuneplanen avsatt til industriføremål.

Om E39 Svegatjørn - Rådal

• Vegen frå innslaget på Skogafjellstunnelen ved Svegatjørn til du køyrer ut av Lyshorntunnelen er 11,8 km.
• Strekninga er på totalt 17,7 km og skal gå som firefelts motorveg mellom Os og Fana.
• 14,7 av den 17,7 kilometer lange vegen blir i tunnel.

Mellom Svegatjørn og Rådal er 10,7 av 11,8 km i tunell:
• Skogafjellstunnelen: 1,5 km
• Lyshorntunnelen: 9,2 km
• Mellom tunellane, Endelausmarka: 1,1 km

• I Endelausmarka kjem rasteplassar, kryss til ny fylkesveg til Lysefjorden (Åsen, Lyseklostervegen fv 163), og fleire store næringsområde, blant anna Lyseparken på rundt 500 mål.
• Prosjektet omfattar også ny fylkesveg frå kryss i Endelausmarka til Åsenvegen og utbetring av eksisterande fylkesveg 163 for cirka 40 millionar kroner.
• Lyshorntunnelen (9,2 km) kjem i nord ut i Rådal, med ei kort dagsone og kryssområde på 200 meter før den går vidare i 2,2 km lange Råtunnelen. Denne kjem i fjellet vest for dagens vegsystem ved Laguneparken. Ny vegline held fram til dagens riksveg 580 sør for Troldhaugtunnelen.

• Pris 6,5 milliardar kroner (2014 prisnivå), 40/60 bompengar/stat
• Byggestart: Torsdag 3. september (1. oktober i Os) 2015.
• Antatt ferdig i 2022

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.