Kultur | 24. juni 2010

Skal spela i oselvar

No er det kjent kva artist som skal opna Osøren Blues & Jazzfestival, og korleis han skal koma seg frå Telthusplassen til Visningssenteret.

Skal spela i oselvar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. juni 2010 06:40

- Vi er heldige her i Os, som har Oselvo som renn ut midt i sentrum, og alltid fint vêr under festivalen, seier Gunnar Nagell Dahl.

Sjå detaljert vêrvarsel for Osøyro

Festivalsjefen seier ideen om å knytta jazz- og bluesopplevingane endå nærmare elva dukka opp for fleire år sidan.

- Hamna blir brukt av mange gjestar, spelestadane ligg på eller ved bryggene og vi har blues- og jazzkonsertar på cruise med MS Midthordland. Men vi har hatt ein draum om å ha musikk på elva, og i år går vi eit steg nærmare.

Som Mississippi
Gunnar har opplevd blues på Missisippi, cruise med konsert er ikkje uvanleg i byar som Memphis og New Orleans.

- Eg har også vore på bluescruise på River Ouse (uttalast Os) i den engelske byen Os. Tenk å hatt musikarar på ein flåte og slept denne frå så langt oppe i elva som vi kjem og ut til hamna.

Undeland i oselvar
«Overrasking» står det i programmet på osoren.no. No røper Gunnar Nagell Dahl kven som kjem til å stå for gratiskonserten på den offisielle opninga på Telthusplassen i Os sentrum fredag klokka 16.

- Vi har fått Olav Undeland til å koma, og han skal få vera med på noko spennande.

Undeland, som har spelt i Os fleire gongar før, skal etter opninga i sentrum gå rett frå scenen og om bord i ein oselvar.

- Vi ville først at oselvaren skulle på elva, men fekk det ikkje til å klaffa teknisk med lyd og liknande Derfor står oselvaren står på hengar, som blir slept med bil gjennom sentrum medan Undeland speler.

Turen går til Visningssenteret der ny opningskonsert ventar, denne er med Marius Neset og startar klokka 17. Også opningskonsert nummer to er gratis.

Over 30 prosent er selt
I fjor blei det ny rekord med over 1,4 millionar kroner i billettomsetnad. Festivalsjefen har tru på godt besøk også i år.

- Før kvar festival håpar vi på førehandssal på 25 prosent. No er vi oppe i nærmare 35 prosent, og ut frå stemninga på dei eg snakkar med og får epost frå ser det ut til å bli veldig folksamt i år også.

- Det er litt synd at ikkje vi har fått båthamn på innsida av den nye moloen enno, det hadde vore fint med fleire båtplassar.

- Det blir vel festival neste år òg, då er kanskje ny marina på plass?

- Ja, det blir sikkert festival også i 2011, men akkurat det er noko som blir avgjort etter at denne er over. Vi er mange som jobbar mykje for å få dette til, og ingen av oss får løn. Festivalen er kvart år avhengig av at det er ein gjeng som har inspirasjon til å ta denne oppgåva.

- Inspirasjonen får vi frå den gode stemninga under festivalen og dei fine tilbakemeldingane frå publikum, seier festivalsjef Gunnar Nagell Dahl.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.