Lokal | 31. okt. 2018

Skal starta Bjørnafjorden brystkreftforening

Iselin får no oppfylt eit ønskje ho har hatt lenge.

Skal starta Bjørnafjorden brystkreftforening
Iselin Bustadmo Baldersheim vil no starta eige lokallag av Brystkreftforeningen. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 31. okt. 2018 20:41

Bildeserie:

Under Rosa sløyfe-arrangementet 23. oktober delte Iselin si historie med publikum. (Foto: KOG)
Under Rosa sløyfe-arrangementet 23. oktober delte Iselin si historie med publikum. (Foto: KOG)
Beintøff, reflektert og med omsyn for andre i same situasjon. (Foto: KOG)
Beintøff, reflektert og med omsyn for andre i same situasjon. (Foto: KOG)
1 av 2
Under Rosa sløyfe-arrangementet 23. oktober delte Iselin si historie med publikum. (Foto: KOG)
Beintøff, reflektert og med omsyn for andre i same situasjon. (Foto: KOG)

Under Rosa sløyfe-arrangementet i Os sentrum førre veke vart publikum kjend med Iselin Bustadmo Baldersheim.

Frå scenen fekk vi høyra om ei ung kvinne som valde å fjerna begge brysta som 25-åring. Om 5 år skal ho fjerna eggstokkane. Alt for å minska faren for å få kreft.

Iselin er 30 år, kjem frå Kvæfjord i Troms, har mann frå Fusa, born, og bur no på Skeisstøa i Hagavik. Eigentleg ei ganske vanleg ung kvinne i Os.

Men éin ting gjer Iselin spesiell; ho har ein mutasjon i det genet som som skal jobba mot kreft. Feilen ligg i genet BRCA1, og inneber at Iselin har 80-90 prosent sjanse for å utvikla bryst- eller eggstokkreft.

Vart tidleg vaksen

Iselin fortel at mistanken om at noko ikkje stemde starta allereie i 1992 då mormor hennar døydde av eggstokkkreft. Rundt tusenårsskiftet kom tanta til Iselin og fortalde om ei genforsking ho hadde lese om, og ho og mora til Iselin valde å testa seg. Det vart då klart at dei begge hadde denne genfeilen. Vevsprøvar teken av mormora stadfesta det same.

Mor til Iselin valde å fjerna eggstokkane som 35-åring, men ho fekk brystkreft som 40-åring.

– Dette var tøffe ting å ta inn over seg som ung jente, fortel Iselin. Ein ting er at du må vera fylt 18 år for å sjølv kunne ta denne teste, det andre er den psykiske påkjenninga kring det.

– Eg valde å venta til eg var 22 år før eg følte meg klar for å få veta om eg sjølv hadde vorte berar av genfeilen.

Ho var den gongen den yngste i Noreg som nokonsinne hadde teke eit slikt prevantivt tiltak.

Sjølve testen vert teke i Oslo, så for Iselin innebar det ei lang reise i tillegg til alvoret bak turen.

Etter at Iselin sjølv fekk bekrefta at ho har ein høg risiko for utvikla kreft, har Iselin si yngre søster fått same diagnose.

Iselin fortel vidare at lenger ut i familien har 7 av 9 jenter til no fått stadfesta at dei er berarar av genfeilen.

– Som berar av genfeilen har du 80-90 prosent sjanse for å utvikla bryst eller eggstokkkreft, og du har 50 prosent sjanse for å føra genfeilen vidare.

Dette gjeld også borna mine, seier Iselin.

Beintøff - med humoren i behald

Ein skulle tru at ein 30-åring med ei slik livshistorie, ville stå fram som motlaus og prega av situasjonens alvor.

Men nei, 4 born i hus, alle under 9 år, mann, hund og ei rakryga haldning til det som er med å prega ei stor del av livet hennar.

Mykje av intervjuet vert avbrote av humor og anekdotar kring det å ha kreft, fordelar og i ulempar med silikonpuppar, og det å skulle gå inn i overgangsalderen i 30-åra. (Iselin planlegg å fjerna eggstokkane om 5 år, når ho vert 35).

– Eg veit han ikkje likar det, men eg må få lov til å skryta av mannen min, seier Iselin.

– Eg kom inn i forholdet vårt med temmeleg mykje personleg bagasje, men han har teke dette på strak arm. Saman er vi eit team som tek kvar dag som den kjem.

Vil skapa ein møtestad for likesinna

Iselin har fleire år bak seg i Harstad-avdelinga av Brystkreftforeninga, og ho har lenge hatt eit ønskje om å starta eit lokallag av Brystkreftforeningen her i Os.

Denne veka ser det ut til at ho kan ta eit stort steg nærare målet.

– Eg snakka med dagleg leiar av Brystkreftforeningen i dag, og ho var kjempepositiv til initiativet mitt!

– Hovudstyret skal ha eit møte 18. november, så eg skal no få inn ein søknad slik at dei kan handsama den på møtet då.

Iselin er tydeleg på kva Brystkreftforeningen Bjørnafjorden skal innehalda.

– Dette skal vera ein møtestad for absolutt alle som er berørt av brystkreft. Alder og relasjon har ingenting å seia. Dette skal vera ein arena for samhald og opplevingar, og det skal ikkje berre handla om sjukdommen.

Iselin ramsar opp ei rekkje aktivitetar ho openbart har planlagt lenge;

– Tenk så bra om vi kan samlast om yoga, kveldsturar, familiedag med bål og aktivitetar for barn og barnebarn - ein tur på strikkekafé, eller på damenes aften med noko godt i glaset ...

– Moglegheitene for ein forening for Bjørnafjorden er så mange, og no gler eg meg til å endeleg kunne setja i gang den konkrete prosessen med å skapa vår eigen brystkreftforening her i Bjørnafjorden.

Iselin oppmodar alle som kunne tenka seg å vera med i, eller hjelpa henne med å starta Bjørnafjorden brystkreftforening, å ta kontakt med henne eller kreftkoordinator i Os kommune, Sigbjørg Eriksson.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.