Lokal | 04. juli 2018

Skal støpe ein kvart million kvadratmeter vegg-element

E39 Svegatjørn - Rådal • To firma skal tilsaman støpe 250.000 kvadratmeter vegg-element til tunnelane mellom Os og Bergen.

Skal støpe ein kvart million kvadratmeter vegg-element
I slike former blir vegg-elementa støpt. Her hos NOBI på Askøy (foto: Geir Brekke, Statens Vegvesen)
Andris Hamreonsdag 04. juli 2018 08:04

Det å byggja ein tunnel handlar om mykje meir enn berre å sprenge seg gjennom fjell. Blant anna skal dei sikrast, noko som dels blir gjort med ferdig støpte vegg-element.

Ølen betong i Vindafjord og NOBI på Askøy har fått dei to kontraktane henhaldsvis i sør og nord på prosjektet.

– Det er mest tunnel i sør, med over 200.000 kvadrat med veggelement. Resten, kring 50.000 kvadrat – skal monterast i nord. Her skal det i sommar leggast asfalt i tunnelane, før ein kan gå i gang med montering av elementa, fortel statens vegvesen i ei pressemelding.

Godt i gang med monteringa

I sør har montering av vegg-element pågått ein god stund allereie.

– Skogafjellstunnelen har ein rest med montering som blir ferdig tidleg på hausten. Men det meste av elementa kjem i den 9,2 km lange Lyshorntunnelen, der det framleis står att ein del tunneldriving.

Blir laga ferdig på fabrikk

Dei to firma har kvar sin fabrikk kor dei produserer elementa før dei blir frakta til byggeplassen.

– På fabrikk blir det laga armeringsnett og støypt element i ferdige formar. Det er tale om produksjonsliner i fabrikkhallen - med fleire formar på rekke og rad. Når armeringa er på plass i formen blir det sett i gang støyping. Deretter er det herding – før dei ferdig herda elementa blir losna frå formane.

– Så blir elementa lagra utanfor fabrikken, og leverte til tunnelanlegget etter kvart som montasjen skal utførast, opplyser Statens Vegvesen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.