Kultur | 09. juni 2019

Skal synga i spansk katedral

Os kammerkor testar repertoaret i Oseana, saman med Os Mannskor, før avreise til Tarragona.

Skal synga i spansk katedral
Os kammerkor skal synga i denne 700 år gamle katedralen i Barcelona sin naboby. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy/Os Travel)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 09. juni 2019 07:29

Bildeserie:

Tarragona ligg ved sjøen, ein time sør for Barcelona. (Google Maps)
Tarragona ligg ved sjøen, ein time sør for Barcelona. (Google Maps)
Byen og områda rundt er kjent for god mat og drikke. (Foto: Os Travel)
Byen og områda rundt er kjent for god mat og drikke. (Foto: Os Travel)
Neste helg blir det musikk frå Os i denne katedralen. (Foto: Os Travel)
Neste helg blir det musikk frå Os i denne katedralen. (Foto: Os Travel)
Os kammerkor på øving onsdag. Tysdag syng dei i foajeen på Oseana. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Os kammerkor på øving onsdag. Tysdag syng dei i foajeen på Oseana. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Hans Parnefält. (Foto: KVB)
Hans Parnefält. (Foto: KVB)
Det blir òg vandring i olivenlund og konsert på vingård. (Foto: Os Travel)
Det blir òg vandring i olivenlund og konsert på vingård. (Foto: Os Travel)
1 av 6

Sist dei var på tur saman var for to år sidan, då gjekk turen til songarstemne i Eidfjord. Neste helg går turen til Tarragona, ein time sør for den meir kjente spanske byen Barcelona.

– Vi har vore på langtur saman før, blant anna til Orknøyane, Praha, Bremen og York, men dei er nokre år sidan vi var utanlands saman, og vi gler oss veldig, seier styret i det 43 år gamle blandakoret.

I Spania skal dei både synga i The Cathedral of Tarragona, innvigd i 1331, og på ein av Spanias ti beste vingårdar innan økologisk vin, Mas Blanch i Jove.

I forhandlingar med biskopen

Bakgrunnen for val av destinasjon er at kormedlem Georg Jørgensen har vore på tur med lokale Os Travel til byen.

• Les òg: Mat og vinreiser til Barcelona sin «hemmelege» naboby (2017)

Georg likte seg og sette reisenestor Hans Parnefält på nye oppgåver. Etter dialog med vingarden og forhandlingar med erkebiskopen i området blei to konsertar booka.

– Vi har stort sett sunge når vi har vore på turane våre, men det blir spesielt å ha konsert både i katedralen og på vingarden.

Konserten i katedralen går til inntekt for ei lokal cerebral parese-forening, mens vingarden dei skal synga på òg har ei rik kunstutstilling.

– Flere osingar har smakt vin frå denne garden, den har nemleg blitt servert på Det store Bjørnafjordmåltidet, fortel Hans.

Grieg, Lyssand og Prøysen (på spansk)

I Tarragona er det både sendt ut pressemelding på spansk og avtalt intervju i radio med det norske koret som besøker byen.

32 songarar frå Os kammerkor er med på turen. Onsdag var siste øving, tysdag skal dei synga gjennom mykje av repertoaret når dei, saman med Os Mannskor, har konsert i foajeen i Oseana.

– Vi skal blant anna synga låtar av Grieg, Prøysen og vår eigen Henrik Lyssand. Ein låt av Prøysen er frå før omsett til spansk, så vi har øvd inn «Blaaklokkevikua».

Også den spanske låten skal framførast i Oseana tysdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.