André Ulveseter køyrer soloshow på Oseana i kveld. (Pressefoto)

Skal tulla med syklistar og allergikarar

– Dette blir siste klubbkveld dette semesteret, seier Jon Hægland om kveldens økt med André Ulveseter.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Som nytt element i årets haustprogram i Oseana er den lokale standupklubben Råkt Opp & Ned sine klubbkveldar i foajeen.

– Foajeen er ikkje like intim som Catten, der vi tidlegare hadde klubbkveldane våre, men den er fin, utruleg stilig og veldig godt eigna til dette formatet, synest Jon Hægland.

Første show er gjennomført, i kveld er siste standup dette «semesteret».

– Det blir ny runde etter nyttår, i Oseana, men no ser eg først og fremst fram til å sjå André Ulveseter i kveld.

Negativ optimist

Ulveseter er blant anna kjent for å vera «drit god» til å finna orddelingsfeil. Han har stått på scenen i Os før, blant anna i 2016, og kjem i dag til Os med showet «Negativ optimist».

– André misliker mykje, men sidan det meste likevel går til helvete, tenkjer han at det er like greit å vera optimist.

Blant dei som får gjennomgå er allergikarar og syklistar, men mest av alt han sjølv.

Negativ optimist er eit standupshow med høgt tempo av ein rutinert komikar som har over 20 år bak seg på scenen. Showet har gått for fulle hus i blant anna Trondheim og Stavanger, og Facebook-sida hans, «Bilder i kampen mot særskrivingsfeil», har over 185.000 følgjarar.

Fleire saker