Skalla til vakt
Politiet: Valdeleg mann på Solsiden, aggressiv jente kjørt i fyllearresten og ung mann tatt med hasj.


I 1-tida natt til laurdag fekk politiet melding om trøbbel med ein mann utanfor Solsiden.
– Han skal ha vore kranglete og blant anna skalla til ein av vaktane, fortel politibetjent Kjartan Snorrason.
Då politiet kom til staden hadde mannen reist vekk med ein kamerat. Men identiteten hans er kjent og vedkomande blir meldt for episoden.
Rusa mann tatt med hasj
Rett før episoden på Solsiden blei ein bil stoppa på Ulvenvegen.
Førar fekk åtvaring etter å ha blitt observert i høg fart.
Tidlegare på kvelden kontrollerte politiet to menn i ein bil.
– Ein av dei var lettare påverka og vi fann hasj på vedkomande, ein mann i 20-åra.
Aggressiv jente
I 02.30-tida fekk politiet melding frå ambulansen, som hadde problem med ei aggressiv jente.
– Vi rykte ut til adressa, i eit nabolag nord for Os sentrum, og tok jenta, som er i 20-åra, med til overnatting i arresten i Bergen.
Ho blir meldt for forholdet.
Rusa mann i bil
Ein time seinare fekk politiet melding om mogleg rusa mann i ein bil i Os sentrum.
Politiet var opptatt og fekk ikkje sjekka vedkomande.