Arne Mæland har i ei årrekke vore pådrivar for Os internasjonale skulptursymposium. No kjem eit nytt skot på den kunstneriske stamma når han saman med sonen Vidar Bratlund-Mæland inviterer til det første internasjonale bildesymposiet 22. til 26. juni.
Staden er, som under skulptursymposiet, Vognhallen i Os sentrum.
– Det er i alle fall utgangspunktet og basen.
– Eg håper jo at dei ti bildekunstnarane som kjem vil ta i bruk heile sentrum, anten det er i vognhallen, torget eller borte ved Oselvarverkstaden, fortel initiativtakar Arne Mæland.
– Måtte jo bli med
Sonen Vidar er no med som medarrangør.
– Eg heng no mest med. Det var far som ville skapa noko også i året mellom dei faste skulptursymposia.
– Vi snakka om det og eg tenkte, kvifor ikkje. Det kan eg jo vera med på, seier Vidar Bratlund-Mæland.
Same lest, men enklare
Oppskrifta dei to følgjer er den same som til skulptursymposiumet. Ti kunstnarar frå ulike delar av verda blir invitert. Næringslivet blir utfordra til å kjøpa inn kunstverka som skal formast og er med i trekninga av verka når symposiet er over.
– Vi køyrar same konseptet, men det er jo litt mindre arbeid med å skaffa lerret og målarutstyr, enn marmor og granitt.
– I tillegg blir dette symposiet kortare i tid.
– Den siste skilnaden er nok at inngangsbilletten for næringslivet er lågare. Vi har lagt oss på 20 000, mot 60 000 kroner under skulptursymposiet, fortel Mæland senior.
I tillegg til å dekka delar av kostandane gjennom sala av bilda har dei søkt om eit oppstartstbidrag på 100 000 kommunale KUP-kroner. Totalbudsjettet er på om lag 300 000 kroner.
Gjensyn med kunstnarar
Sjølv om kontraktene ikkje er signert enno, er kunstnarane klare.
– Vi har fått muntleg ja frå alle. Eg reknar med at vi har signert dei naudsynte kontraktane før påske, seier Vidar.
– Eit par av dei har osingane treft før. Dei har nemleg vore med på skulptursymposia, men er òg dyktige bildekunstnarar som vi gler oss å få tilbake til Os, avsluttar Arne Mæland.
I tillegg til å sjå kunstnarane i arbeid planlegg dei to fleire supplerande arrangement som konsertar og utstillingar i løpet av veka.