Lokal | 05. okt. 2009

- Skaper trafikkfeller

To feilparkerte lastebilar skaper irritasjon i eit nabolag ved Hegglandsdalsvegen.

- Skaper trafikkfeller
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 05. okt. 2009 08:39

Bildeserie:

1 av 2

- Vi har ringt politiet nokre gongar før, men den kjem raskt tilbake, seier ein innringar til Midtsiden.no.

I fjor ringte naboen hans til politiet for å få fjerna ein trailer som sto parkert på ein haldeplass i starten av fortauet langs Heggelandsdalsvegen. Då blei bilen raskt fjerna, men problemet var ikkje over.

- Dei siste vekene har vi ringt to gongar til politiet, bilen var vekke nokre dagar, men kom så på plass igjen. No har vi endeleg fått fortau og autovern mellom fortauet og vegen, så kjem denne bilen og skaper ei trafikkfelle i eine enden.

Politiet fortel at dei har snakka med eigaren av lastebilen fleire gongar.

- No er det visst på tide at vi pratar med han igjen, seier Audun Hadler-Olsen.

I tillegg har det dukka opp ein annan stor bil like ved, på ein møteplass ved krysset opp til Hesthaugen.

- Her har dei som kjem inn Hegglandsdalsvegen vikeplikt, men med den feilparkerte bilen er det ikkje lett å sjå om det er nokon å vika for, seier naboen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.