Lokal | 21. nov. 2019

Skapte kø på E39

Politiet dirigerte i rundkøyringa i over ein halvtime torsdag morgon.

Skapte kø på E39
Politiet dirigerte trafikken etter at tankbilen i bakgrunnen fekk motorstopp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. nov. 2019 08:03

Bildeserie:

(Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
(Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
1 av 1
(Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

Torsdag klokka 07.43 fekk politiet melding om trailer med motorstopp på E39.

Bilen blei ståande fast i inngangen på rundkøyringa ved Carfix og Meny Industrivegen, retning frå Bergen, og politiet rykte ut med to patruljar for å dirigera.

– Det var mykje kø i alle retningar. Kva som er problemet er uvisst, men de er mogleg at det var ein feil på girkassen, opplyser politiet.

Bergingsbil kom til staden og vegen opna for normal ferdsle klokka 08.34.

To påkøyrde hjortar

Politiet har i natt fått melding om to påkøyrde hjortar.

Den eine var nær Ulvenvegen, 200 meter opp frå rundkøyringa ved Meny og Carfix klokka 00.44, den andre på Halhjemsvegen klokka 06.

– Viltkontakt blei varsla ved begge tilfella, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.