Fotball | 11. sep. 2011

Skåra 8 mål kvar

5. divisjon: Topplaga Lysekloster og Søre Neset tok kvar sin braksiger i helga.

Skåra 8 mål kvar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. sep. 2011 12:24

Både Lysekloster og Søre Neset vann i 17. runde.

Lysekloster, som allereie av vunne avdelinga og sikra seg plass i 4. divisjon, slo Rosendal 8-1 heime, Søre Neset, som ligg på 2. plass, men har flere som pustar dei i nakken, vann 8-2 borte over Fusa.

–Dette var noko av det beste vi har levert. Rosendal er eit godt lag og dei sto enormt på, men vi kjørte tempo på ballen og gjorde ein imponerande førsteomgang, seier Ørjan Sandal.

Lysekloster - Rosendal 8-1 (6-1)
Målskårarar, Lysekloster: Torbjørn Birkelund 4, Christoffer Robin Larsen 2, Kim Krogsethagen og Mattias Høiland

Søre Neset, som tapte 3-0 for Lysekloster for to veker sidan og heller ikkje tok poeng i den jamne heimekampen mot Trott (0-2) heime på måndag, hadde eit visst press på seg før turen til Fusa fredag.

Fusa - Søre Neset 2-8 (0-2)
Målskårarar, Søre Neset: Tim Henrik Sperrevik 2, Tore Kinden 2, Torbjørn Hjelle, Kjetil Henriksen (straffe), Anders Kinden og Daniel Humlen Halhjem.

– Sjølv om vi framleis hadde 2. plassen var eg ekstra spent på denne kampen, eg håpte vi skulle unngå tredje kamp på rad utan poeng, seier Søre Neset-trenar Morten Øvrebø.

Torbjørn Hjelle var rask med å styrka håpet til Øvrebø, han sette inn 1-0 på eit flott langskot i første speleminutt. I 15. minutt sette Kjetil Henriksen inn 2-0 på straffe og 2-0 sto seg til pause.

– Vi bøtta på med sjansar i første omgang, det hadde ikkje vore urettferdig om vi leia 5-0 til pause, meiner Øvrebø.

To av Tim - to av Tore

I andre omgang kom fleire mål, først ved Anders Kinden, så kom to på rappen av Tim Henrik Sperrevik.

– På 5-0 sleppte vi oss litt nedbå, og då fekk vi også to i trynet. Men frå 5-2 tok vi oss saman igjen, seier trenaren.

Tore Kinden skåra 6-2 og 8-2, målet i mellom blei putta av Daniel Humlen Halhjem.

– Neste kamp blir som ein 6-poengskamp. Slår vi Solid så skal mykje gå gale i dei fire siste rundane for at vi ikkje skal rykka opp, meiner Øvrebø om heimekampen mot laget på 3. plass måndag 19. september.

Tabell, 5. div. avd. 2

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.