Sport | 08. sep. 2019

Skåra 8 mål på 25 minutt

Os vann suverent over eit underbemanna, men hardtarbeidande lag frå Valdres.

Skåra 8 mål på 25 minutt
Her set Mats Cato Moldskred inn 6-0 i 43. minutt. Så kom to mål til før pause. (Foto: Emil Haugland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. sep. 2019 08:41

Bildeserie:

11 mot 9. (Foto: KVB)
11 mot 9. (Foto: KVB)
Støttemannskapen til Valdres. (Foto: KVB)

Kvamsdal sitt forsøk blei redda på strek. (Foto: KVB)

Ekeland sin gjekk nesten inn. (Foto: KVB)

Innlegg i 20. minutt. (Foto: Emil Haugland)

1-0: Moldskred. (Foto: Emil Haugland)
1-0: Moldskred. (Foto: Emil Haugland)
2-0: Fulltreffar av Jonas Hovland. (Foto: Emil Haugland)

3-0: Stian Dyngeland. (Foto: Emil Haugland)

4-0: Mats Cato Moldskred. (Foto: Emil Haugland)

6-0: Mats Cato Moldskred. (Foto: Emil Haugland)

7-0: Mats Cato Moldskred. (Foto: Emil Haugland)

8-0: Alexander Dale. (Foto: Emil Haugland)

2. omgang. Kvittingen i duell. (Foto: Emil Haugland)

9-0: Torgeir Lunde i 77. minutt. (Foto: Emil Haugland)

10-0: Roger Ekeland i 85. minutt. (Foto: Emil Haugland)

Os klatra to plassar på tabellen. (Foto: Emil Haugland)

1 av 16

Os tok laurdag imot botnlaget Valdres. Då troppen blei offentleggjort viste det seg at gjestane stilte med berre 9 spelarar.

– Eg fekk nokre hint og det gjekk rykte på Twitter før kamp, men eg trudde det ikkje før eg såg det, seier Os-trenar Endre Brenne.

– Korleis førebudde du eigne spelarar på ein kamp som denne?

– Vi har bruk for øving mot etablert forsvar, og dette blei jo ein sånn kamp. I periodar fekk vi det godt til, men all æra til Valdres, som både stilte til kamp og som forsvarte seg så godt som dei gjorde.

Os - Valdres 10-0 (8-0)
Målskårarar: Mats Cato Moldskred 4, Jonas Hovland 2, Stian Dyngeland, Roger Ekeland, Alexander Dale og Torgeir Lunde.
Tropp og kampfakta på fotball.no

Heimelaget gjekk naturlegvis rett i angrep, og blei ståande på gjestane sin banehalvdel. Både Steffen Kvamsdal og Roger Ekeland var nær på å få hol på byllen tidleg, men det gjekk 20 minutt før første ball låg i nota.

Moldskred opna målkalaset, så følgde midtstoppa Jonas Hovland opp med ein fulltreffar tre minutt seinare. I 33. minutt skåra Stian Dyngeland sitt første for Os, så følgde Moldskred, Hovland, Moldskred, Moldskred og midtstoppa Alexander Dale opp før pause.

I andre omgang blei det berre to mål. Torgeir Lunde auka til 9-0 i 77. minutt, Ekeland runda av til tosifra 5 minutt før slutt.

Neste kamp vil truleg bli jamnare, då speler Os borte mot tabelltrear Djerv 1919.

Sjølv klatra Os frå 10. til 8. plass denne helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.