Sport | 29. aug. 2009

Skåra i debuten

Espen Valvik skåra det siste målet då Os slo Lyngbø 4-1 på bortebane i dag.

Skåra i debuten
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 29. aug. 2009 18:58

Laurdag 29. august, 3. div. avd. 3:
Lyngbø - Os: 1-4 (1-2)

- Det var gøy å endeleg få debutera, og sjølvsagt kjekt å skåra mål for A-laget, seier Espen Valvik etter dagens siger over Lyngbø.

Espen fekk sin debut for A-laget då han kom innpå for Ramo Racic i 70. minutt. Etter eit kvarter fekk han servert ballen av storebror Tore.

- Han spelte meg gjennom og eg sette ballen på skrått under keeper, fortel Espen.

At brørne Valvik var med på å slå Lyngbø blei tatt ekstra dårleg imot av gamlekarane blant heimepublikummet. Pappa Trond har nemleg spelt både fotball og handball i 3. divisjon for Lyngbø i sin ungdom.

- Tore og Espen blei heldigvis tilgjeve, at dei har anar av Lyngbø-blod i seg var visst trøst nok, fortel fotball-pappen til Midtsiden.no.

- Ein tøffing
Espen opererte minisken i desember i fjor, og var først tilbake i trening i slutten av mai i år. Etter nokre gode kampar for juniorlaget i sommar, og to gode kampar for Os 2, bar det rett inn p A-laget.

- Han er nok ein ungdom i rekka av dei som har fått prøvd seg, og som dei andre har han gripe sjansen. Espen er aggressiv og tøff, og hadde ein god debut i dag, meiner trenar Frank Hellevik.

har som andrvar ute med skade frå desember til slutten av mai. Valvik blei spelt gjennom av storebror Tore då han i 85. min

Open førsteomgang
Som venta fekk Os god motstand i Lyngbø. Men i motsetnad til førre kamp mot Lyngbø starta Os godt.

Preben Borgen skåra 0-1 målet på frispark, men heimelaget utlikna og hadde nokre store sjansar like etterpå.

- Då var det ganske ope, men ein god Halvard Enes i mål sikra at ikkje vi hamna under.

Tre minutt før pause kom eit angrep som liknar noko vi har sett før. Glesnes kom høgt og slo inn, Ramo heada ned til Preben som på første sendte ballen vidare til Tim Henrik Sperrevik. Sperrevik sørgja for 2-1.

To må sona karantene
Åtte minutt ut i andre omgang fekk Os straffe. Sperrevik skåra sitt andre for dagen, sitt 12. for sesongen.

- Stian Lunde ba om å få bytta ut i pausen, så Torkel Hjertnes kom inn for kapteinen. Ti minutt før slutt kom Per Søgnen Merai inn for Vegard Borgen, og vi la om til 4-5-3, fortel Hellevik.

Både Tore Valvik og Remi Osebakken fekk gult kort i kampen og må sona karantene i neste.

- Det gjer ingenting, det kan vera greit å få unna slike ting før det nærmar seg kvalifiseringskampar.

Med 42 poeng er sjansane små for at Os ikkje vinn avdelinga.

Os spelar neste kamp på heimebane mot Hovding laurdag 5. september (kl 15).

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.