Fotball | 19. juli 2022

Skåra i sin første seriekamp på tre månadar

No har Moberg skåra i tre seriekampar på rad.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. juli 2022 07:36

I førre serierunde blei det første poengdeling sidan Brann sin kamp mot Sogndal 23. april med 1-1 heime mot Stabæk.

I går sikra Brann ei luke på 11 poeng ned til nettopp Stabæk på 2. plass med overbevisande 0-5 borte over Raufoss.

0-5-skåringa kom på ei fin heading av osingen Vegard Leikvoll Moberg

Skåring i tre seriekampar på rad

19. april skåra Vegard Leikvoll Moberg sitt første mål for Brann, ei matchvinnande skåring på overtid borte mot Skeid.

Vegard Leikvoll Moberg skåra i går sitt første mål for Brann. Skåringa kom på overtid og blei avgjerande. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògLeik sin drømmedag: – Surrealistisk, som manus til ein film

Runden etter berga han poeng med skåring mot Sogndal.

Etter dette har han berre spelt éin omgang i NM borte mot Voss og éin omgang for Brann 2 mot Fana.

Men i går var det comeback på A-laget, nesten tre månadar etter førre seriekamp med speletid.

Vegard kom innpå i 80. minutt og feira med publikum etter å ha heada inn 0-5 i 89. minutt.

– Det var fint å få 45 minutt med Brann 2 i førre veke, og ein stor bonus å få ei skåring i første kamp på lenge med A-laget, seier Vegard til Midtsiden etter kamp.

Brann.no har samla høgdepunkta frå kampen:

Dette var Vegard si 3. skåring på 7 kampar for Brann.

– Eg har framleis ein del å gå på etter skaden. Eg har løpt mykje, men det er stor forskjell på å jogga for seg sjølv og det å løpa når du speler fotball.

Han reknar med å vera varsam med belastinga ei stund til.

– Eg håper på vidare framgang, og er nøgd med litt speletid her og der. Å koma meg i boks skal eg klara, også om eg ikkje får så mange minutt per kamp, så får vi håpa på fleire bonusar framover.

Raufoss–Brann 0–5 (0–2)

Mål:
0–1: Bård Finne (26.)
0–2: Kasper Skaanes (45.)
0–3: Finne (57.)
0–4: Aune Heggebø (70.)
0–5: Vegard Leikvoll Moberg (89.)

Brann sin neste kamp går heime mot Kongsvinger måndag 25. juli.

Terminliste og tabell på fotball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.