Sport | 08. juli 2010

Skåra igjen

USA heldt nullen gjennom turneringa i Danmark, heilt til dei møtte ei skåringshissig jente frå Os.

Skåra igjen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. juli 2010 21:24

Tysdag skåra ho det første målet då Noreg sitt J16-lag slo Nederland 3-0. I dag var Åsne Takle Eide frampå igjen, denne gong mot USA.

- Keeper og forsvarsspelar kolliderte så gjennomspelet kom i retur. Eg var allereie i press og fekk snappa ballen og putta den i mål, fortel Åsne til Midtsiden.no.

USA leia 2-0 før reduseringa, som var det første målet USA har sleppt inn i J16-turneringa i Danmark. Kampen enda med 2-1-tap til Noreg.

- Åsne var positiv og skåra igjen. Ho er optimistisk i spelestilen og har gjort det godt, seier landslagstrenar Tarjei Smågesjø til fotball.no.

Skåra mot Danmark
Kampen mot USA var Noregs tredje i turneringa. Før Nederland spelte dei mot Danmark.

- Eg kom innpå som spiss. Kampen enda uavgjort, men det blei halde straffekonkurranse i tilfelle vi sto likt i poeng etter at dei innleiande rundane var over. Eg var tredje straffeskytar og skåra til høgre for keeper. Men to andre missa, så då tapte vi.

Finale mot Island
Åsne fortel om eit flott anlegg, mykje god mat og fin stemning mellom dei norske landslagsjentene. No gler ho seg til kamp mot Island på laurdag.

- USA gjekk til finalen, som går mot Tyskland. Men didan vi og Island har gjort det best blant dei nordiske laga skal vi spela nordisk finale mot kvarandre. Det blir spennande, trur goalgettaren frå Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.