midtsiden

Skåra mot Nederland

Åsne Takle Eide gjorde tysdag ein viktig jobb for det norske J16-landslaget.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Åsne, som fekk landslagsplass i bursdagspresang i juni, viste tysdag kva ho var god for i landskamp mot Nederland på Ørnstykke stadion i Danmark.

Noreg sitt J16-lag vann kampen 3-0 (1-0).

Arna-Bjørnar-spelaren frå Os spelte frå start, skåra 1-0-målet (22. min.) og hadde målgjevande pasning i 2. omgang.

Åsne spelte 78 minutt av kampen.

Neste motstandar i den nordiske turneringa er USA.

Fleire saker