Thomas (t.h.) skulle blokkera eit innlegg i gårsdagens kamp, men ballen gjekk i perfekt boge over storebror og keeper Kasper Færøvik. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy) 

Skåra på storebror

– Det kunne dessverre ikkje vore gjort på ein betre måte, seier Thomas, og ler fortvila av sitt eige avgjerande sjølvmål.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag kveld spelte Os 2 sin første kamp etter sommarferien. Kampen gjekk borte mot tabelltoar Frøya.

Os 2 tok berre 4 poeng på dei første 9 kampane i år, men avslutta vårsesongen med to sigrar.

I går tok dei leiinga på straffe, hamna under 2-1, men klarte 2-2 til pause.

Kampen enda med 4-3-siger til Frøya.

4-2-skåringa i 2. omgang var eit sjølvmål av Os-spelar Thomas Felix Færøvik. I Os-buret sto storebror Kasper Færøvik.

– Eg sklitakla bakover for å hindra eit innlegg frå vingen til Frøya. Ballen gjekk i foten min og vidare i perfekt boge over Kasper, fortel Thomas og ler.

– Frøya var gode på overgangar. Men vi gjorde nok ein god kamp, hadde banespelet og burde tatt poeng. Då er det kjedeleg at sånt skjer, men ingen av oss kunne gjort noko annleis, meiner han.

– Det kom heller ingen spydige kommentarar frå storebror?

– Nei. Vi har aldri vore kranglete, han er ein grei bror. Men eg blei kanskje historisk i går, at eg er den første i 4. divisjon som har skåra på bror sin? undrast Thomas, som tydelegvis ikkje klandrar seg sjølv eller andre for tapet i går.

Elias Myrlid sette inn 0-1 på straffe og reduserte til 4-3 i 88. minutt. Niklas Fosen skåra 2-2-målet før pause.

Os 2 speler neste kamp heime mot Varegg søndag.

Terminliste og tabell

Fleire saker