Sport | 03. sep. 2014

Skaten vann på Fitjar

Geir Storetvedt Skaten med sterkt løp då «Først til Mølla» blei arrangert for første gong på Fitjar.

Skaten vann på Fitjar
Geir Storetvedt Skaten og Stein-Ove Adriansen på pallen på Fitjar (privat foto)
Andris Hamreonsdag 03. sep. 2014 09:00

Tre løparar frå Opptur Motbakkeklubb tok turen over fjorden til Fitjar då historias første «Først til Mølla» blei arrangert.

– Løpet starta på Fitjar idrettspark med målgang ved vindmølle «B12» ved Fitjarsåto.

– Det var totalt 300 høgdemeter med eindel sugande motbakker, men òg eindel gode løpeparti og små nedoverbakkar.

– Med mykje motvind oppover til toppen blei løpet ekstra hardt, fortel Skaten.

Løpet er 4320 meter langt. Dei første 1,3 kilometrane går på asfalt og nedover frå idrettsparken, før siste del går på skogsvegar og grus opp til vindmøllane.

– Det var eit atypisk, men flott motbakkeløp.

Vann klassa si

Skaten viste at formen er inne og vann klassa for menn 35-49 år med den sterke tida 22.56, noko som heldt til siger med drøye to minutts margin.

– Stein-Ove Adriansen frå Opptur tok tredjeplassen i klassa på 26.48, også det ei veldig sterk tid.

– Kjekt var det òg at Marianne Flister løp bra. Ho kom på den sure 4. plassen, men med ei veldig sterk tid på 32.26, fortel Skaten.

Noregscupvinnaren vann

Totalt i herreklassa var det Torstein Tengsareid frå Egersund som gjekk av med sigeren.

– Tengsareid er årets vinnar av Noregscupen. På papiret skulle han få tøff konkurranse av noregsmeisteren på 3000 meter hinder, Tom Erling Kårbø, men Tengsareid var suveren.

– Han vann på 19,26, nesten to minutt framfor Kårbø.

– Det var eit meget imponerande løp av Tengsareid, avsluttar Skaten, som sjølv tok fjerdeplassen på samanlagtlista for herrer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.