Skattemeldinga er klar
No kan du sjekke om du får att eller må betala restskatt, men merk at skattemeldinga ikkje er ferdigutfylt, difor må du sjekke om alle opplysningane er rette.
I dag er skattemeldinga tilgjengeleg elektronisk i Altinn.
Nytt i år er at sjølvmeldinga har endra namn til skattemelding. Årsaka er at det 1. januar kom ny skatteforvaltningslov. Den nye lova innber i praksis ingen store endringar for skattytar utanom namneendringa.
Over 160 000 vestlendingar får i dag beskjed om at dei kan ha betalt for lite skatt i 2016. Før eventuelle endringar og frådrag er lagt inn, ligg dei i gjennomsnitt an til å måtte betale 24 000 kroner i restskatt kvar.
− Skattemeldinga er førehandsutfylt, ikkje ferdigutfylt. Det er difor viktig at du sjekkar at opplysningane stemmer, at alt er med og at du får med dei frådraga du har rett på, seier avdelingsdirektør Trude Husevåg i Skatteetaten i ei pressemelding.
Hjelper deg
På skatteetaten.no finn du informasjon om skattemeldinga, ulike vegvisarar og digitale kalkulatorar som hjelper deg med å finne ut kva frådrag du kan ha rett på. Treng du likevel meir informasjon eller hjelp til skattemeldinga, kan du kontakte skatteetaten på Facebook eller på telefon 800 80 000.
− Ikkje betal for mykje skatt. Gløymde frådrag kan i nokre tilfelle enten gje deg meir til gode på skatten eller gjere at du unngår restskatt, seier Husevåg.
Hugs leveringsfristane
Frist for levering av skattemeldinga er 30. april for lønnstakarar og pensjonistar. Næringsdrivande har frist den 31. mai. Næringsdrivande har ikkje leveringsfritak og må levere skattemeldinga elektronisk i Altinn.
− Er du lønnstakar eller pensjonist treng du ikkje levere skattemeldinga dersom du ikkje har endringar, seier Husevåg.
Første skatteoppgjer kjem i juni
Skatteetaten varslar deg på e-post/sms når skatteoppgjeret ditt er klart. Første skatteoppgjer er klart 21. juni. Deretter blir det løpande oppgjer fram til 25. oktober. Dei som leverer skattemeldinga på papir og næringsdrivande og deira ektefellar får skatteoppgjeret sitt tidlegast i august.