Sport | 24. jan. 2011

Skaut fullt hus

Os-skyttarane var skikkelig i støtet i helga. Storeslem på Stord og 250 poeng til ungjenta Lisa Mine Gunhan på Bømlo.

Skaut fullt hus
Andris Hamremandag 24. jan. 2011 11:21

Med toppresultat både på Stord og på Bremnes på Bømlo gjorde Os-skyttarane seg godt bemerka på resultatlistene denne helga.

Storeslem på Stord
På Stord sitt minyatyrstemne på Litlabø blei det storeslem til Os skyttarlag. Tre førsteplassar tok dei med seg heim.

Tonje Gorm-Hansen Tøsdal vann rekruttklassa med 246 poeng. Lisa Mine Gunhan tok juniorklassa med 248 poeng før veteranen Steinar Eidsvik skaut fantastiske 250 poeng i Veteran-73 og vann den.

Else Eidsvik hadde skote 21 tiarar før ho måtte sjå ein 9,9 i det 22. skotet. Med 249 poeng blei ho nummer tre i si klasse. Om ikkje den kjedelege 9,9 hadde kome ville det ha blitt siger også i den klassa.

Ungjente med fullt hus
På Bremnes blei det ikkje like mange førsteplasseringar, men ungjenta Lisa Mine Gunhan skaut for første gong fullt hus og fantastiske 250 poeng.

Med den poengsummen tok ho ein suveren siger fire poeng foran andreplassen.

Veteranen Steinar Eidsvik fulgte opp og vann Veteran-73 med 248 poeng. Reidar Dahle tok ein tredjeplass i Veteran-55.

Ungdommen Tonje Gorm-Hansen og Isak Røttingen Eidsvik gjorde det båe skarpt i rekruttklassa og skaut seg til slutt inn til ein andre og fjerde plass.

Heile 121 skyttarar deltok i stemnet på Bremnes.

Gror godt
Det gror godt i ungdomsgruppa til skyttarlaget om dagen. Med dei gode resultata i junior- og rekruttklassa og ny personleg rekord på Willian Wiers med 243 poeng i klassa for eldre rekrutt ser laget lyst på framtida.

William Wiers hadde sin første stemneturné denne helga og etter to på det jevne resultat toppa han altså dagen med ny personlig bestenotering.

- Dette er ein kar å sjå opp for i framtida, seier ein entusiastisk Anstein Eidsvik i Os skyttarlag til Midtsiden.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.