Daniel, Sofia, Maren og Odd frå Os Skyttarlag (Foto: Os Skyttarlag)

Fleire førsteplassar i vestlandsmeisterskapen

Daniel Myklebust Fjellstad, Arild Røyseth og Reidar Dale vart alle vestlandsmeister i skyting.

image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

I helga var skyttarmiljøet samla i Førde og Gaular. Tradisjonen tru sette Os Skyttarlag sitt preg på resultatlistene.

Jan Kristian Evensen frå Os Skyttarlag har summert opp dei lokale skyttarane sin innsats: 

Trippel finale

Daniel Myklebust Fjellstad starta helga godt på fredagen med å ta leia innleiande feltskyting med 30/26.

Sofia Dale var rett bak Daniel med 30/20. Maren Evensen var uheldig med ein hårtynn bom på eine haldet og fekk 29/23.

Med desse resultata vart det finale på alle tre. 

Sofie Evensen var òg uheldig på sitt eine knehald (minismåen), og fekk to bom. Men med 28/24, kom også ho kom til finale på lørdag kvelden.

I finalen gjorde Daniel det spanande og måtte ut i omskyting mot ein skyttar Stord, då begge skaut 12/10 i finalen.

I omskytinga var Daniel suveren, gav alt, og landa på 12/11, og kan dermed tittelere seg som Vestlandsmeister i felt. Sofia vart etter strålande skyting nummer 3.

I finfelten for veteranane var det kun 30 treff som galdt. Her var Reidar Dale uheldig og fekk 29 treff, mens campingvennen Odd Gorm-Hansen drog på og skaut 30/21. I finalen skaut Odd 12/6 og hamna på ein gledeleg tredjeplass.

Ujamne forhold og ujamn sekundering

Arild Røyseth, Amalie Evensen, Arvid Austefjord og Tor Egil Gjerde var ute på grovfelten. Her fekk Arild 29/17 og sikra med dette plass i finalen.

Amalie starta godt med 12/9 på to første holda, men med vind og feil sekundring av far, gjekk dette som det måtte gå ... 22/9 treff.

Arild helt stand i finalen med 12/5 og ein sjuandeplass.  

I V55 var Arvid best med 30/15. Med ein litt rusten fianleserie på 10/3 vart det stang ut og "berre" ein andreplass på Arvid. Tor Egil var også på med 25/8, men med eit par bom for mykje vart det ikkje feltfinale på han.

Baneskytinga vart oppløftande for Reidar. Her bytta camping-kameratane plass i finalen, og med Reidar sine god 250 poeng og ein flott andreplass, var Reidar klar for finale på søndagen. Her klinte han til med 100 og 8 innere, og vann glitter og glamour og kan titulera seg som Vestlandsmeister i klasse V73.

I rekrutteringsklassane var det Sofia som gjorde det best på banen.

Sofia la inn 248 poeng, med Maren var hakk i hæl med 247.

Desse to kom til finalen, og her leverte Maren 100 med 5 innarar, og hamna på ein fin fjerdeplass. Sofia var litt uheldig med sin finale, og fekk 97 og ein fin 8. plass.

Sofie var einaste junioren på med på turen. Ho hamna på 245 og finaleplass. Der fekk ho gode 100 med 7 innarar,  og skaut seg opp 3 plasser og vart til slutt nummer 7.

På bane i klasse V55 vart Arvid nummer 8 og Tor Egil nummer 11.

Armeringsjern eller riflepipe?

I klasse 2 stilte Os Skyttarlag med heile tre deltakarar.

I klasse 3-5 var Arild best med 245, og Amalie med 233 (24 skot).

Jan Kristian Evensen fann ut at riflepipa kun var best eigna som armeringsjern.

I finalen, som var ein av dei best gjennomførte skytingane under stemnet, med bare ein 9'ar på heile finalelaget, vart Arild til slutt nummer 9, og berre éit fattig poeng bak vinnaren.

Spanande samlagsskyting

Samlagsskytinga på søndagen starta på best mogleg måte; 

Arild klinka inn 100 poeng for Hordaland 1.

Amalie var ikkje så mykje dårlegare, og la inn på 98 poeng på sin ankeretappe for Hordaland 2.

Hordaland 1, med Arild, Ågotnes x 2 og Frode Kristensen vart vestlandsmeistrar. Hordaland 2 hamna rett bak med andreplassen. 

Samlagsskytinga for ungdommen vart som alltid spanande.

Her var førstelaget til Hordaland fylt opp med gode skyttarar, men det gjekk ikkje vegen denne gongen.

Jorid frå Fana vart kasta inn på laget og starta ballet med 97 poeng. Sofia frå Os Skyttarlag leverte 99 poeng på andreetappen, før Maren (òg frå Os Skyttarlag) som vikarierende junior tok ansvar og fylte på med 99 poeng. før Eirik fra Fana tok ankeretappen og leverte 99 p også han. Dette resulterte i ein flott 3. plass for gjengen. Vinnarar vart Hordaland 2.

I samlagsskytinga for veteranar var Os representert med  Reidar og Arvid på Hordaland 2. Dei hamna til slutt på ein flott tredjeplass.

Fleire saker