Sport | 25. jan. 2011

Skiljer Os-laga

Berre to av dei tre laga frå Os kommune som rykte opp frå 7. divisjon i fjor møter kvarandre i år.

Skiljer Os-laga
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. jan. 2011 08:30

I fjor kjempa tre lag frå Os kommune i same pulje i 7. divisjon. Alle tre rykte opp, men i år får ikkje alle møta kvarandre, ifølgje avdelingsoppsettet for 6. divisjon som nyleg blei lagt ut.

Lysekloster 2 og Søfteland har hamna i same avdeling, medan kampane mot Kalandseid og Samnanger blir det nærmaste Nore Neset kjem lokaloppgjer i år.

MENN 6 DIV AVD 01
Harding
Inter Bergen
Kalandseid
Minde
Nore Neset
Ny-Krohnborg 2
Samnanger
Sandviken 2
Smørås 2
Åsane Fotball Gutter

MENN 6 DIV AVD 04
Bergen Nord 2
Bergenstjerne
Bjarg 2
Djerv 2
Eidsvåg 2
Hausvik
Lysekloster 2
Mann
Strandebarm
Søfteland

3. divisjon: Som vi har skrive før møter Os blant anna Brann 2, Fyllingen, Askøy og Øystese i år.

4. divisjon: Os 2 har hamna i pulje med blant andre Krabbetor, som tok opprykksdraumen frå Søre Neset førre sesong, og Hovding, som førstelaget til Os slo i kvalifisering til opprykk til 2. divisjon i 2006.

5. divisjon: Her er det duka for spennande og prestisjetunge lokaloppgjer mellom Søre Neset og nyopprykka Lysekloster.

Her kan du sjå puljene til alle herrelaga frå Os
(frå 3. divisjon til 6. divisjon.)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.