Kultur | 13. okt. 2015

Skipar til nyttårsfest

Osfest tar opp igjen tradisjonen med konsertar og fest vesle nyttårsaftan. – Vi har booka Gina Aspenes, Pogo Pops og Rolling Clones, fortel Tor Egil Hylland.

Skipar til nyttårsfest
Rolling Clones (her på Opus under Osøren i 2006) blir eit av tre band som spelar på festen lille nyttårsaften (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 13. okt. 2015 10:13

Bildeserie:

Gina Aspenes er ute med nytt album og spelar på festen (foto: Jannice Bårtvedt)
Gina Aspenes er ute med nytt album og spelar på festen (foto: Jannice Bårtvedt)
Pogo Pops er tredje bandet (foto: KVB)
Pogo Pops er tredje bandet (foto: KVB)
1 av 2
Gina Aspenes er ute med nytt album og spelar på festen (foto: Jannice Bårtvedt)
Pogo Pops er tredje bandet (foto: KVB)

I mange år var det tradisjon med fest i Fjellheim lille nyttårsaften. Etter at Oseana sto ferdig blei tradisjonen vidareført nokre år, men dei siste åra har det vore stille.

– Eg hugsar kjempestemninga og kor populære desse festane var i Fjellheim og på Oseana.

– Etter at vi starta opp Osfest er det fleire som har vore i oss med spørsmål om ikkje vi kunne ta oppatt tradisjonen. I fjor følte vi det var litt for tidleg, men i år er vi klare, fortel festivalsjef Tor Egil Hylland.

Gina, Pogo Pops og Rolling Clones

Til å spele på konserten har Osfest hyra inn Gina Aspenes, Pogo Pops og Rolling Clones.

Gina har jo nettopp slept eit heilt fantastisk nytt album og er skikkeleg på gang. Eg ser ikkje bort frå at ho kan henta heim ein ny spelemannspris med det albumet. Gina sang jo med The Untoucheblues i Fjellheim og er på mange måtar med å trekke linene frå dei festane til denne.

Pogo Pops spelte på den første Osfesten i 2014, men det var ikkje så mange som fekk gleda av å oppleva dei på grunn av vêret. No får dei sjansen på nytt til oppleva spelemannsprisvinnarane frå 1993.

Rolling Clones er eit coverband for Rolling Stones. Dei trekk fulle hus på Madam Felle gang på gang, men har ikkje spelt så mykje på Os. Sist trur eg var på Opus under Osøren i 2006. Dei kjem til å sørgje for ei eksplosiv Stones-avslutning på 2015, seier Hylland.

Set opp buss

Lille Nyttårsfesten blir på Nore Neset Aktivitetshus. Dørane opnar klokka 19, konsertane byrjar klokka 21 og held fram til omlag klokka 02.

– Vi kjem til å setta opp bussar, både til Halhjem, Osøyro og inn til Bergen, så det å komma seg derifrå skal ikkje vera noko problem.

Brukar festivalapparatet

Festivalen vil rigga scenen og barar i idrettshallen.

– Vi har mange dyktige frivillige festivalmedarbeidarer som stiller opp både som vakter, i barane og til å rigga, så eg reknar med vi skal klara dette på ein god måte.

– Det er litt spennande å ta dette første steget mot å bli ein festival som gjer meir enn dagane i Os sentrum på sommaren, seier Hylland.

Jobbar med programmet

Billettane til konserten er allereie lagt ut på billettservice.

– Der finn ein òg festivalpass til reduserte prisar til neste års festival.

– Har de artistar klare til den òg?

– Nei, vi er ikkje heilt der enno, men har følarar ute og er i dialog med fleire, så vi får heller komma tilbake til det når avtalane er signerte, avsluttar Tor Egil Hylland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.