Kultur | 16. sep. 2009

Skitprat på Skeie

Maggen er klar for Nore Neset Dagane, saman med blant andre Cato Jensen og Jonny Olsen Band. - Vi har ein del nytt å by på i år, seier leiar for arrangementet, Morten Døsen.

Skitprat på Skeie
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. sep. 2009 09:18

Bildeserie:

1 av 6

Det blei fullt hus og ekstraframsyningar då Magnar "Maggen" Lien debuterte som standupkomikar på Opus i sommar. No har han skrive om "Stolt gamal gris", med oppdaterte tillegg og lokaltilpassa justeringar.

- Han sa ja med ein gong, eg er glad for at vi fekk han med på å opna det som blir ein morosam og livleg kveld, seier Morten Døsen.

Maggen går på scenen klokka 20.30 laurdag, rundt ein time seinare er det Cato Jensen sin tur. Cato, som er son til Bjørn Jensen frå Vinskvetten, er mest kjent frå sine sprell saman med Claus Sellevoll, men stiller solo med "Eit Strilashow".

Etter humorinnslaga spelar Jonny Olsen Band opp til dans.

Ung og macho
Nore Neset Dagane er kjent for familevenleg profil, med leikeland for dei minste, god breidde i utstillarar, smakrike opplevingar frå MatOs og aktivitetar innandørs og utandørs for heile familien.

- Dette skal vi halda fram med, men med generasjonsskifte i styret blir det også ein del nytt, seier Morten, som har overtatt plassen til onkel Tor Inge Døsen.

Linkeparty fredag blant det som er nytt. Her kjem Jørgen Fagerthun, som har erfaring frå rigging til linkeparty i Vikingskipet, til å legga til rette for ein digital "helaften" for dei rundt 100 ungdomane arrangørane håpar vil stilla.

- Og så skal vi ha bilutstilling med sportsbilar til over ein million kroner, som Nissan GTR og Porsche 911, auksjon i regi av MX Sport som nytt i år. Os Skyttarlag har dessverre ikkje høve til stilla, men vi har fått Os Paintballklubb til å koma med eit tilbod til dei triggar-happye.

Lagar kunststove i Symrasalen
Det blir også ekstra fokus på kulturopplevingar, frå musikk ved Kongshaug Musikkgymnas på opninga, og ved Nore Neset Skulekorps sundag, til kunstutstilling i Symrasalen.

- Vi har fått med oss både Arne og Vidar Mæland, Frode Sirevåg og Bjørn Meidel Hansen og Margun Tveitnes og Hjørdis Juvik. Desse riggar seg opp med salsutstilling i Symrasalen.

Ny rekord opp Liafjellet?
Liafjellet Opp hadde i fjor besøk av Stoltzekongen Jon Tvedt. han sette ny løyperekord for menn med tida 9,45. Jon Tvedt døydde seinare same år.

- Vi er veldig lei for at vi mista Tvedt, og samstundes takksam for dei tipsa han gav oss etter løpet i fjor, seier Døsen.

Tvedt meinte løypa kunne springast raskare enn det han sjølv presterte i 2008, blant anna ved å gjera løypa noko sikrare.

- Sidan det er terrengløype er det grenser for kor mykje vi kan ommøblera, men vi har gjort nokre utbetringar på myra, bygd bru over elva og fjerna nokre store steinar.

- Triatlon-deltakar Gudmund Snilstvedt kjem kanskje til å delta. Betrar han tida si i fjor med eit lite minutt så set han ny rekord, seier Morten.

Snilstvedt klarte 10.41 i fjor, og ser i år ut til å vera i svært god form. Kvinnerekorden er fotballspelar Tale Ivarhus sin, og er på 14.14.

Les meir om arrangementet på www.snna.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.