Lokal | 13. juli 2018

Skjerpa beredskap som følgje av tørke

Godvær med rekordvarme og tørke kan skape problem for hustandar med privat brønn. Her kan du henta vatn.

Skjerpa beredskap som følgje av tørke
Brannsjef Stein Gjøsund fortel at dei kan bistå om private brønnar går tomme (arkivfoto: KVB)
Andris Hamrefredag 13. juli 2018 12:08

Os kommune har framleis god tilgang på vatn, og dei fleste innbygjarne i kommunen, som er knytt til den offentlege vassforsyninga, treng ikkje uroe seg.

- Vi har imidlertid nokre innbygjarar som har private brønnar, og som følgje av den tørre våren og sommeren har fleire av desse no gått tom, uttalar brannsjef, Stein Gjøsund i ei pressemelding publisert på brannvesenet si facebookside.

Os kommune kan organisere vannkøyring med tankbil til innbyggjarane dersom det er behov. Det vil bli sendt faktura for denne tenesta.

Moglegheit for henting av vatn

Os kommune har 2 vasspostar der ein kan hente ut vatn i kanner eller anna. Den eine er plassert ved innkøyringa til byggjefeltet, «Gåssakilen» ved Storestraumen på Søfteland. Den andre vassposten er plassert i Ådnadalen like ved innkøyringa til steinknuseverket og Lidl-tomta.

Ved vasspostane kan privatpersonar hente vatn til eiga hushald.

I tilegg til vasspostane er det mogleg å få fyllt vatn ved Os brannstasjon, Mobergsbakken 111, kvardager frå kl 0730 – 1530.

- Det er no kommunen sin viktigste oppgåve å sikre liv og helse for mennesker og dyr i ein situasjon der ein ikkje lenger har tilgang på vatn, seier brannsjefen.

– Heimebaserte tenester held oppsyn med sine brukarar, og vil melda frå til oss i brannvesenet dersom nokon ikkje lenger har tilgang på vatn.

Øvrige innbyggjarar som treng vatn og som av helsemessige årsaker ikkje er i stand til hente dette sjølv, kan ta kontakt med Os kommune eller brannvesenet sin vakttelefon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.