Kultur | 17. okt. 2020

Skjerpa smittevern etter gjenopning som nattklubb

God stemning natt til laurdag - ventar ei meir hektisk økt i kveld.

Skjerpa smittevern etter gjenopning som nattklubb
Catten har halde ope sjølv om kranane måtte stenga ved midnatt. Denne helga er det tilbake til normalen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 17. okt. 2020 12:38

Fredag kunne skjenkestadane i Noreg halda kranane opne forbi midnatt igjen.

Catten Nightclub fortel om greit besøk og god stemning.

– På det meste hadde vi 65 inne. Vi ventar ei meir hektisk natt frå i kveld av, seier Bjarte Andersen.

– Kor mange har du lov å ha inne?

– Gjestane kan sitja samla, om dei kjem frå same husstand. Er det fleire grupper kan vi ta inn 126, kjem folk i større grad éin og éin tar vi inn 99 gjestar på same tid.

Redda av sportsbar og quiz

– Det er ikkje tema å gi seg, sa Andersen då dei var koronastengt på våren. Catten var rask med å opna igjen i juni, men har dei siste ni vekene mista dei tre timane når omsetnaden normalt er på topp.

Likevel har dei halde fram med å ha ope sju dagar i veka.

– Normalt er det helgene som reddar inn kvardagane, no blei det motsett.

Med osingen Kolskogen sin sterke figur på Brann og opprykk for Leeds til Premier League har United- og Liverpool-supporterane fått meir selskap.

– Godt besøk på sportsbaren har saman med quizkveldane redda inn dei tidlegare så gode nettene.

Med blanda kjensler

Trass stort tap av omsetnad, var det med blanda kjensler Bjarte i slutten på september tok imot beskjeden om skjenking etter midnatt.

– Det er klart at det ikkje har vore kjekt å mista 70.000 kroner i omsetnad i veka, for eit lite firma. Opninga fører heldigvis med seg høgare inntekt, men òg auka ansvar.

Både private festar og utestadar i Bergen har vore kjelder til smittespreiing, og til unge vaksne frå Bjørnafjorden kommune. 13 av dei 15 som er smitta i vår kommune i haust er i 20-åra.

– Det har kome nye, skjerpa smittevernrutinar frå FHI. Desse fekk vi på plass før opning i går.

Strengare vakthald for å sjekka at folk som ikkje kjem frå same gruppe held god nok avstand er blant desse.

– Folk var positive til tiltaka i natt, men vi måtte gjenta oss sjølv nokre gongar. Vi prøver å gjera det på ein hyggeleg, men bestemt måte.

– Kva med volumet på musikken? Det har vore tema andre stadar, at høg musikk kan auka sjansen for at folk står tettare rett og slett for å kunna snakka i lag.

– Det er noko av det vi har hatt som tema, og som vi vil vera observant på gjennom natta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.