Fotball | 20. feb. 2020

Skorpen skåra på Varegg

... men prestasjonane til Lysekloster varierer.

Skorpen skåra på Varegg
Etter kort visitt hos Os, og langt skadeopphald, er Preben Skorpen tilbake på Lysekloster. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. feb. 2020 07:42

I helga vann Lysekloster 4-1 over Florø, som spelte i OBOS-ligaen i 2018. Tysdag hadde dei problem med å hamla opp med Varegg, som landa midt på treet i 4. divisjon.

– Første halvdel av kampen var svak av oss, både i prestasjon og i innsats. Heldigvis kom det seg i andre omgang, og vi skårer tre velfortente mål, seier Ruben Hetlevik.

Lysekloster vann 3-2.

Preben Skorpen, Joachim Westrheim og Håkon Brautaset skåra Lysekloster sine mål.

Lysekloster måtte klara seg utan Tobias Heltne Alme, som fekk hjernerystelse i førre kamp, og Eskil Instebø, som blei skadd i leggen.

– Instebø skal på MR. Det er uvisst kor lenge han blir vekke, og veldig synd at han blei skadd. Han har verkeleg vist mykje lovande på trening i det siste.

Testa keeper frå italiensk serie

Lysekloster brukte elles den same troppen som mot Florø, med unntak av keeper, som er ein av tre nye spelarar som blei testa.

Joaquin Ketlun (keeper) frå italienske Atlético Lauria var ein av dei, tidlegare Åsane-spelar Magnus Bruun-Hanssen og Tobias Juvik frå Askøy. Dessutan spelte Audun Kåre Øvrelid, som har vore skadd, sise 30 minutt.

– Keeperen testa vi etter at agenten tok kontakt. Bruun-Hanssen har vi tett dialog med, og håper på signering, og Juvik er ein som har gjort det bra for Askøy i det siste.

Ingen av dei tre som blei testa mot Florø, Sulejman Sulejmanovic, Hubert Kotus og Ivan Moran, er foreløpig signert.

Spelte seks korte omgangar

Treningskampen mot Varegg var stykka opp i fire timeouter, to per omgang, for at trenarane skulle få gi hyppig instruksjon.

I praksis blei det 6 omgangar på 15 minutt.

Lysekloster sitt lag mot Varegg: Joaquin Ketlun (keeper), Ivan Moran, Ronny Rojas, Peter Aase, Stefan Aase, Hubert Kotus, Tobias Juvik, Marius Bildøy, Kristian Eidsnes, Magnus Bruun-Hanssen og Simen Næss.

Innbytarar med speletid: Sebastian Aase, Håkon Brautaset, Eirik Jacobsen og Preben Skorpen, Johan Stormyr, Thorvald Trætteberg og Audun Kåre Øvrelid.

Lysekloster speler neste treningskamp borte mot Fana på laurdag. Så ventar kamp mot Sotra før treningsleir i Albir i Spania.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.