Skot i mørket
I 7-tida onsdag morgon blei det meldt om skyting på Hatvik. Meldar fortalte at han hadde høyrt to skot rundt klokka 6.30.
- På den tida er det mørkt, og det er ikkje lov å skyta før det er lyst, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.
Politiet har derfor mistanke om ulovleg hjortejakt ved avkjørsla til Berge på Hatvik.
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11