Skøyteis 20 minutt frå Os
I dag opnar alpinanlegga på Hemsedal og Geilo. Medan vi ventar på skiføre i Eikedalen og Voss er det gode skøyteforhold på Slåtthaug, som opna i går.
Minst 15 skianlegg i Noreg planlegger opning i helga, fleire av dei har framskunda opninga og kjører heisane allereie i dag.
Nærmaste opne alpinanlegg for osingane er Hemsedal og Geilo, Hemsedal opna før planen då dei i dag hadde førpremiere i barnetrekket. I løpet av helga vil både Hollvin Express, Hemsedalløypa, heisen Ulven og Trolløypa, Fjellheisen 2 og Hallinghovdløypa vera i drift.
Også Geilo har fremskunda opninga og har to heisar i drift frå i dag, tre frå fredag. Laurdag opnar firesetersekspressen Geiloheisen og Sonja-Løypa.
Også i Eikedalen, på Voss og i Myrkdalen ligg det snø i bakkane, men opningsdato er førebels ikkje bestemt.
Kva med ein tur på skøyter?
Men ski er ikkje einaste vinteraktiviteten det no er opna for, i går var det sesongstart på kunstisbanen på Slåtthaug.
– No er vi i gang og isen er open kvar dag, uansett vêr, også alle helligdagar, fram til sesongslutt i mars ein gong, seier is-general i Bergen kommune, Gunnar Lohne.
Tysdagar og torsdagar har klubbar trening på isen om ettermiddagane, men på dagtid er det ope for publikum.
Rundt 90.000 gjestar var på isen førre sesong.
Billig familiekos
Å stå på skøyter er kanskje ikkje kvardagskost for så mange vestlendingar, men sjølv om bølgjene skvulpar på Ulvenvatnet kan det vera fine forhold på Slåtthaug, ein kjøretur på rundt 20 minutt frå Os.
– Kunstisen er godt brukt av bergensarar, men kanskje eit litt gløymt fritidstilbod i nabobygdene, trass i at skøytestjerna Sverre Lunde Pedersen kjem frå Os.
Med gode opningstider og nokre tikroningar i inngangspengar, kioskdrift og utleige av skøyter i regi av Fana idrettslag, byr Slåtthaug på ein sunn og rimeleg aktivitet for heile familien.
Kunstisbanen er open for publikum på dagtid alle dagar, på kveldstid måndag, onsdag og fredag og frå klokka 12 laurdagar og søndagar.
Fana idrettslag held dessutan skøyteskule for ungar frå 7 til 10 år, kvar torsdag frå november til midten av desember.
Du kan lesa meir om kunstisbanen på fanail.no.