Lokal | 18. aug. 2009

Skrekkeksempel

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. aug. 2009 07:58

Ein lastebilsjåfør risikerer å bli fotgjengar etter episoden på Søfteland tysdag morgon.

- Desse dagane rundt skulestart har vi som vanleg patruljar ute ved skulane. I dag tok dei ein lastebilsjåfør i å kjøra på raudt lys, fortel lensmann Rasmus Dalen.

Politiet noterte nummeret på bilen, og har snakka med sjåføren.

- Episoden blir meldt. Det blir vurdert førarkortbeslag, opplyser Dalen.

- Heldigvis oppsto det ikkje nokon kritisk situasjon, men det kan vi i hovudsak takka vakne og godt førebudde ungar for. Dei fekk grønt lys, men gjekk ikkje ut i vegen før dei hadde sjekka at bilane stoppa, fortel lensmannen.

Det at fotgjengarane hadde fått grønt lys betyr også at lastebilen ikkje kjørte på gult, men knallraudt lys.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.