Lokal | 02. nov. 2012

Skremt av ryggande bil

• Skulelevar nesten påkjørt i Finnebrekka.• Mann med terningar - men utan førarkort.• Mann stoppa i bil som var underslått .

Skremt av ryggande bil
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. nov. 2012 09:19

Torsdag hadde politiet i Os trafikkontroll på Moberg.

– Det blei blant anna stoppa ein bil som var underslått. Førar hadde lånt bilen, men ikkje levert den tilbake til avtalt tid, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Det blei oppretta kontakt mellom førar og eigar og dei blei einige om at bilen skulle leverast tilbake i dag, fredag.

Hadde terningar - mangla førarkort

Blant andre som blei kontrollert i trafikken torsdag var to mopedistar, som fekk pålegg om å ordna på skilt og lys, og ein mann i starten av 20-åra, som fekk pålegg om å fjerna kvitt lys bak og dinglande terningar i frontruta.

– I tillegg mangla han førarkort, så det blei han meldt for.

Terningane kan med andre ord berre bli dinglande i bilen ei stund, for det går nok nokre månadar før mannen bør setja seg bak rattet igjen.

Elevar nesten råka av ryggande bil

Nokre unge skuleelevar som gjekk tur i Finnebrekka torsdag fekk ei skremmande oppleving.

– Det hadde kome ein bil ryggande ut frå ein sideveg i høg fart, rett mot elevane.

– Det var snakk om at ein av elevane så vidt blei råka, men ingen blei skadd.

Skulen vil melda episoden. Politiet har førebels ikkje snakka med føraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.